Aktuell time 7. juni 2006

Share

Timen starta med **Leif Kvinlog**, rektor på Valle skule, som fortalde om resultata ved eksamen i fjor, der Valle skule kom på 14. plass på landsbasis og 1. plass i Aust-Agder. Her er oppslaget i Fædrelandsvennen: http://www.fvn.no/nyheter/setesdal/article370383.ece

Han kunne og fortelje at Sigrunn Askland no tek grunnfag i spansk for at skulen skal kunne tilby det når dei får den nye læreplanen frå hausten av. Då får dei og eit nytt fag som heiter Mat og helse i staden for Heimkunnskap. Frøydis Unneland og Anita Bakke skal ei veke på kurs til Lesvos med HiA for å lære om det nye faget og om mat ved Middelhavet og at skulle vidare til barneskulen sin grillkveld på Flateland camping denne kvelden.

**Dag Jørund Lønning** var neste mann ut. Han fortalde om arbeidet med bygdeutvikling i Telemark med vekt på Telemarkskua. Meir om dette finn du på heimesidene til Dyrskun, http://www.dyrskun.no/

Onsdag og torsdag er det ein konferanse om bygdeutvikling på Sirdal Høyfjellshotell. Her heldt **Arne Tronsen** i Setesdal Regionråd eit innlegg i dag om temaet sett frå næringsavdelinga i offentleg sektor si side. Valle radio gjorde eit opptak av dette før han reiste til Sirdal, og vi fekk manuskriptet, som ligg her på bloggen.

Til slutt i kveld hadde eg ein prat med **Ørnulf Hasla**, som også skulle på konferansen og halde foredrag om Hasla Sølvsmie og arbeidet dei har gjort for å få ein ny profil. Ørnulf er også leiar i Valle sentrumsforening, som hadde møte tysdag kveld og la planar for sommaren. Han fortalde litt om desse, mellom anna at sentrum vil verte stengt for trafikk på laurdagane i sommar, i staden vil ein lage langbord og gatetun i denne perioden.

**Kommunen informerer**

Her var det **Ingvar Nes** som var med. Vi snakka om

* Ferievikarsituasjonen
* Valle skule, karakterer og ombygging
* Hylestad skule, avslutning med syngespelet SkoterKnut
* Kulturskulen si avslutning måndag 12. juni kl. 18.00
* Kulturmidlar til lag og foreningar, til saman 200.000

**Tankar frå Bibelen**
Her kom Sissa Ringstad og hadde programmet denne kvelden.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *