Birgitte Grimstad

Share

I dag reiser eg til Danmark på kurs. **Den nordiske sang** er tittelen på kurset, med undertittel Salmer, sanger, viser og digte. Det skal vere heilt sør i Danmark, på Løgumkloster højskole, og ein av lærarane er Birgitte Grimstad. Birgitte er kjent og kjær i Noreg, ikkje minst frå visegruppa Ballade, der ho song saman med Åse Kleveland, Lars Klevstrand og Lillebjørn Nilsen.

Eg hugsar henne også frå samarbeid med Erik Bye, og på Balladeseminar 2004 var ho saman med Kirsten Bråten Berg. Same året starta ho Lytterforeningen for klassisk musikk. Den foreninga har no over 1000 medlemmer, og eg er sikker på at Niklos K. Besteland ville vore med der. Foreninga vil ha meir klassisk musikk og norsk folkemusikk og visesang i media.

Etter Spellemannsprisen 2005, sendt på TV2 det året, sa ho dette til musikk-tidsskriftet Ballade: -Norsk folkemusikk, – selve grunnfjellet for all norsk musikkvirksomhet – og klassisk musikk – den musikkformen som har lengst utdannelsestid i landet vårt og med nominerte som ligger på topp i verdenssammenheng – ble så vidt nevnt «en passant», og feid ut fortest mulig som var det de som var døgnfluer.

Birgitte Grimstad er dotter til den danske operasongaren Axel Schiøtz, og syster hennar, sangpedagog Annette Schiøtz skal vere ein av kursleiarane i Løgumkloster. Eg gleder meg.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *