Bygdeutvikling på mange måtar 1

Share

Onsdag 7. juni 2006 hadde eg tema Bygdeutvikling i Valle radio. Frå klokka 20.00 sende eg eit intervju med Dag Jørund Lønning. Her er ei infoside om han: http://www.tmforskbo.no/medarbeidere/Detalj.asp?id=31

Her er første del av intervjuet:

HH: Bygdeutvikling er eit tema som har volda mange bekymringar og mange tankar. Folk flytter frå bygdene og ein veit ikkje kva ein skal gjere for å halde folk att. På Telemarksforskning driv de med studiar av dette meir profesjonelt, og då lurte eg på kva de driv med der. Du er fagleg leiar på dette med bygdeutvikling, Dag Jørund Lønning, har du vore det lenge?

DJL: Eg har vore ved Telemarksforskning sidan 2000, så det tek til å bli nokre år. Vi har bygd opp denne avdelinga rundt bygdeutvikling på denne tida, og det er eit svært spanande tema som eg nok føler at vi har eit nyvinnande fokus på. Vi har rett og slett flytta fokus frå det som har vore eit tungt diskusjontema, at bygdene har fokusert på manglar, på fråflytting, den negative vinklinga: på manglar. Vi snakkar no om kva bygdene har av ressursar, og vi er langt meir opptekne av tilflytting enn av fråflytting. Dette er eit perspektiv som etter kvart er i ferd med å vekse seg fram og det vert teke inn i ein del kommunar og regionar som synest dette er spennande. Ein kommune her i Telemark har lukkast godt med dette, noko som viser at ein kan nå langt i dag, sjølv om ein har alle desse såkalla infrastrukurelle faktorane mot seg, då tenkjer eg på Fyresdal, som er den minste kommunen i Telemark. Fyresdal er den kommunen som lengst frå eit større senter. Likevel har dei no ein veldig vekst både i næringsliv og i folketal gjennom at dei har tenkt som eg nett har nemnd: Vi fokuserar på kva vi faktisk har i staden for det som eg kallar «det evindelege gnålet» om kva bygdene manglar. Vi har ikkje nok diskotek, vegane er dårlege, osv., osv. Om vi heng oss opp i den måten å presentere staden vår på, så driv vi aktiv vaksinering av den komande generasjonen. Dei vil ikkje flytte til ein slik stad.

Vi lever i ei spesiell tid, der det med interesse, lyst og personleg ønskje og vilje står veldig sterkt. Det seier seg sjølv at då må ein bruke positive verkemiddel. Ein kan ikkje halde fram med maset om avstandar, fråflytting og elende, nedlegging og slikt. Det verkar ikkje.

HH: Fyresdal har klart dette?

DJL: Ja, der går det så det kostar etter, ikkje minst når det gjeld folketalet, det har jo flytta mange hollandske familiar dit. Tidlegare har mange nordmenn flytta frå Fyresdal, slike stader blir gjerne definert som «avkrokar» ellere med andre negative ord. Desse hollenderane kjem hit og opplever at dei har kome til paradis. Dei fokuserar på det staden har, det som fleire og fleire menneske i dag ser at dei manglar. Mange folk opplever at dei treng å ha rom rundt seg. Eg har jobba mykje med ungdom og bygdeutvikling, og det er i seg sjølv svært spanande.

Det har vore ein tradisjon for forskingsinstitusjonar å reise rundt og spørje kvifor ungdom vil flytte **frå** bygdene. Det kan jo vere interessant i seg sjølv, men det er like interessant å snu dette på hovudet, så vi har spurt byungdom om dei kan tenkje seg å flytte **til** bygda. Det viser seg at det er omtrent eit tilsvarande tal byungdom som kan tenke seg å flytte til bygda som talet på bygdeungdom som kan tenkje seg å flytte til byen. Bak begge resultata ligg det som eg var inne på om personlege ønskjer og interessar. Dei bygdeungdommane som ønskjer seg til byen, har ofte interessar som bygda ikkje kan tilby. Ofte er det knytt til ein urban livsstil med kaféar og liknande. Byungdomane som ønskjer seg motsett veg har det på same måten, dei har interesser som dei ikkje får oppfylt i byen. Deira interesse er meir knytt til rom, til natur, dyr og friluftsliv, og dei ønskjer seg til bygda. Vi ser flytting i begge retningar i dag, og det er viktig at bygdene er klar over at dette faktisk eksisterer, det er folk som er interessert i det ein har å tilby. Då er vår bodskap at du må bli best på det du har av ressursar. Du må ikkje bli best på det du manglar. Det er ein viktig bodskap, trur eg.

Strategien går då rett og slett ut på å samle folk lokalt, rundt bordet, og så få dei til å stille spørsmåla: Kva har vi her? Kva kan vi her? **Reindyrk det!**

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *