Bygdeutvikling på mange måtar 2

Share

Onsdag 7. juni 2006 hadde eg tema Bygdeutvikling i Valle radio. Frå klokka 20.00 sende eg eit intervju med Dag Jørund Lønning. Her er ei infoside om han: http://www.tmforskbo.no/medarbeidere/Detalj.asp?id=31

Her er andre del av intervjuet:

HH: De har laga ein rapport for Setesdal Regionråd, «Kva er Setesdal?» Der brukte de dei teknikkane?

DJL: Den rapporten er den tredje av denne typen. Me har gjort tre slike studiar. Det begynte med ein rapport som eg gjorde for nokre år sidan, «Kva er Telemark?» Teknikken her er å gå ut og spørje folk utanfor regionen og spørje kva dei forbind med den aktuelle regionen. Me spurde folk om kva dei forbandt med Telemark. Det som er interessant er at du får veldig klare tilbakemeldingar, og assosiasjonane er ofte veldig positive. Folk, og i byane, har veldig klare idear om ulike regionar, og Setesdal og Telemark er to regionar som har veldig tydelege bilete når det gjeld dette. Folk har tydelege assosiasjonar rundt desse stadene, og det er veldig ofte positive assosiasjonar. Litt av poenget med denne typen studiar er å identifisere sterke regionale symbol. Då er det klart at regionen får eit klart svar tilbake om korleis dei andre oppfattar oss. Då er det ein langt lettare veg å gå i vår tid med merkevarebygging å bygge på dei assosiasjonane som folk alt har enn å bygge opp heilt nye assosiasjonar, noko som krev svært mykje tid og ressursar.

Telemark og Setesdal har eit godt utgangspunkt fordi det er sterke og klare assosiasjonar til regionane, knytt til bestemte tema som ofte har med natur og folkekultur å gjere. Det ein ofte oppfattar som litt gammaldags er i vår globaliserte tidsalder, der meir og meir blir veldig likt, svært ettertrakta.

HH: Det er jo eitt problem når byfolk vil flytte til landsbygda, så er det ikkje så lett å finne ein plass å flytte til.

DJL: Nei, og då har vi jo eit interessant tema, for det er klart at om du fyrst skal flytte frå byen til bygda, så er ikkje eit mål i eit byggefelt det du fyrst ser etter. Då ønskjer du mest mogleg av det som byen ikkje har, og som bygda har, du ønskjer **rom**. Spesielt den strategien med å få nedlagte småbruk på sal har synt seg svært effektiv for å få ny busetnad. Det er over hundre familiar som har flytt til Vest-Telemark, som i seg sjølv er ein svært liten region, prega av mykje fråflytting og nedgang i folketalet. På denne måten flytter ein fokus over på at me ønskjer at folk skal flytt **til**. Du grip fatt i ein ressurs som du faktisk har. Det finst tusenvis av nedlagde småbruk rundt omkring i norske bygder. Byfolk står i kø for å prøve å få fatt i dei. Det er jo heilt meiningslaust at me då ikkje gjer ein innsats for å få dei på sal. Det syner seg effektivt.

Samstundes er det ganske trist rundt om mange plassar at desse bruka bare blir ståande, og det er veldig mange passive eigarar som ikkje gjer noko med dei. Du kan ikkje tvinge folk til å bu på ein slik stad, men har du fyrst ein slik stad, har du ei moralsk forplikting til å halde dei i hevd, men det skjer jo ikkje heller. Veldig mange av desse står bare og fell saman, eigaren må ha det, men skal ikkje noko med det. Det er veldig synd, for her har me eit viktig verkty for å skaffe nye folk til bygda.

HH: Klarte de det her i Telemark?

DJL: Vest-Telemark Næringsutvikling har hatt eit prosjekt på dette i fleire år og dei har hatt stor suksess med det prosjektet. Me har evaluert dette tilflyttingsprosjektet no, og det er klart at mange er opptekne av det. Me laga ein evalueringsrapport for departementet, og den er positiv, det verkar. Men du kan ikkje bare skrive eit lite brev og oppfordre eigarane til å selje. Det er nokon som har gjort det, bare sendt eit brev, men så lett er det ikkje. Folk har ofte eit svært sterk tilhøve til det.

-Send eit brev
-Send gjerne eitt til.
-Ta ein tur og snakk med personen.

Dette er ein mental prosess. Du må få folk til å sjå at med å selje dette bruket, som du ikkje har bruk for, så gjer du ein positiv gjerning for bygda. Det kan føre til at det kjem nye folk her. Det krev arbeid, men det er effektivt.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *