Den store klassefesten

Share

Fredag reiste eg Suleskarvegen over fjellet til Ålgård. Det var 25 grader på høgaste fjellet, vel 1050 meter over havet og ganske stor trafikk. Men turen gjekk fint. Den nye vegen i Oltedal gjer at du ganske fort er på veg ut mot den opnare delen av Gjesdal kommune. I alle år har eg opplevd at lyset her ute er annleis, fjella får ein meir pastellfarga let enn nokon annan stad i landet.

Eg skulle på klassefest. Det var 45 år sidan me slutta folkeskulen, og min næraste nabo i oppveksten, Eddie, meinte det var på tide med ein ny fest. Dei hadde hatt fest for å markere 15 og 30 år, så det var naturleg å halde på tradisjonen. Eg var ikkje med på dei fyrste festane, då budde eg i Nord-Noreg. Difor var eg helst noko spent på dette, og hadde det ikkje vore fordi Eddie spora meg opp på telefonen, hadde nok innbydinga gått i gløymeboka utan at eg fekk melde meg på.

Ein halv time før avtalt tid møtte eg opp på Gjesdal Gjestgiveri, tidlegare Ålgård Hotell. Det ligg tvers over elva i høve til Kongeparken, og der skulle festen vere. Alt då hadde eit tital av dei tjue som hadde meldt seg, funne plass på terrassen. Dei strålte om kapp med kveldssola, mange av dei hadde eg ikkje sett sidan eg flytta frå Ålgård for nærare 40 år sidan. Litt hadde dei nok forandra seg, men snart fann eg attkjenningsbrillene og såg at endringane var langt mindre enn ein skulle tru.

I lesesirkelen «Agder les dansk» som vi har her i Valle, har vi i vinter mellom anna lese Hans Scherfigs roman Det forsømte forår. Den handlar og om ein klassefest, men det er ein guteklasse i den gamle latinskolen i København som møtest etter 25 år. Som i den boka vart det på vår fest snakk om lærarane, ein av dei, Einar Nielsen, var forresten med oss. Men sjølvsagt var det mest snakk om oss sjølve, om borna våre og borna deira. Av oss 20 som kom på festen, var visst eg den som hadde flytt lengst. Men son til ei av jentene i klassen hadde gifta seg i Hadsel kyrkje, som eg i 15 år hadde som mi kyrkje, og eg kjende foreldra til brura.

Etter ein nydeleg middag samlast me i eit mindre rom til mimring og kaker, og praten gjekk til langt ut i dei små timane. Eddie hadde funne ei rekke bilete som han synte i PowerPoint. Dei gav eit godt grunnlag for samtale. Eg var imponert over kor godt mange av klassekameratane mine hugsa. Han hadde bilete frå sundagsskule, yngres og fotball, og eg var ikkje mindre imponert over kor mange av oss som hadde delteke i slike aktivitetar. Det verka som om 17.-mai feiringa også var større for år tilbake, men ulike innslag i toga. På Ålgård var det og liten skilnad på feiringa av 1. og 17.-mai, i alle fall for dei som høyrde til Arbeidarpartiet, og på denne som på mange andre industristader var nok det dei fleste. http://no.wikipedia.org/wiki/%C3%85lg%C3%A5rd

På NRK har dei Den store klassefesten som laurdagsunderhaldning. Å møte gamle klassekameratar og høyre litt om kva dei har fått til gjennom dei mange åra me ikkje har hatt kontakt, var både til glede og ettertanke. Mest tydeleg då eg seint på sommarnatta sette kursen mot Mandal var takksemda. Eg starta kåseriet med den songen me song og minnast frå skuletida, Bjørnsons «Og reven lå under birkerot.» http://barne.koordinatoren.com/content/view/54/65/ Eg var takksam for kvelden og for livet.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *