Eit kort kommunestyremøte

Share

Tysdag 20. juni var det ekstraordinært kommunestyremøte i Valle. Det starta klokka 20, minst ein av representantane kom til klokka 18, han hadde ikkje lese innkallinga godt nok.

Saka som skulle opp, har skapt mykje diskusjon i Valle og Bykle den siste tida. Kraftledning frå Holen kraftverk i Bykle til Brokke, og vidare til kysten vil føre til store og skjemmande luftspenn i randsona til Setesdal Vesthei – Ryfylkeheiane landskapsvernområde. Sjå meir i Fædrelandsvennen:
http://www.fvn.no/nyheter/setesdal/article362433.ece

Til vanleg har eg sending i Valle radio frå 18 til 21 på tysdagskveldane. Denne kvelden valde eg å vike plass for kommunestyret, så eg hadde bare sett opp program frå klokka 18 til 20. Deretter skulle eg vere teknikar for kommunestyremøtet.

Det var ikkje tidkrevjande. Klokka 20.15 var møtet slutt. «Dei store sakene fører til lite debatt,» var det ein som sa på veg ut. Den einaste som hadde ordet, var Pål Dale, som las opp det miljøvernminister Helen Bjørnøy hadde svara då Kr. F. representanten Åse Gunhild Woie Duesund frå Aust-Agder stilte spørsmål om kraftlina i Stortinget.
http://epos.stortinget.no/SpmDetalj.aspx?id=34816

Som du ser på programmet for denne dagen her på bloggen, endra eg opplegget, slik at eg hadde Dagens Mozart og Postludium etter at kommunestyremøtet var ferdig.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *