Feil klokkeslett

Share

Forrige post ser ut til å vere skriven klokka halv tolv i går kveld. Sendinga var ikkje slutt då, siste loddet på radiobasaren til inntekt for Kreftforeningen vart seld om lag kvart på tolv, og dermed kunne ikkje eg klokka halv tolv vite kven som vann.

Når eg skriv dette, er klokka igjen halv tolv. Truleg vil det sjå ut som om eg skreiv innlegget halv elleve, for klokka på maskinen som lagrar innlegga, fylgjer ikkje norsk sommartid, og det er den som fastset tida for kva tid innlegget vart posta. Eg kan altså ikkje setje klokka på min PC til 1. mai og tru at posten blir lagra med den datoen.

Eg prøver å ha innlegg på bloggen kvar dag, og med dette innlegget klarte eg å finne eit innlegg å poste også i dag. Meir fylgjer etter kvart.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *