Ferieplanar

Share

Dei fleste av oss tenkjer vel no på kva vi skal gjere i ferien. Vi kan både kople av og kople til. Kanskje vel du å reise til framande land, kanskje vel du å dra på fjellet. Eg har tenkt å dra til Danmark og kople til. Eg vil reise til Løgumkloster folkehøyskole langt sør på Jylland og vere med på eit kurs som heiter Den nordiske sang – Salmer, sanger, viser og digte. Det startar til sundag og varer ei heil veke, og eg gleder meg til det. Her er ein link til staden:
http://www.loegumkloster-hoejskole.dk/

Den siste tida har eg fått ganske mykje respons på bloggen. Ideen har jo vore å skrive med utgangspunkt i programma i radioen, og helst bør det vere noko nytt kvar dag. Når det no vert sommarferie, kan vel det verte vanskeleg. Men eg vil prøve å finne tema å skrive om i ferien, så får vi sjå korleis det går.

Eg har fått meg ei ny last også. Den er og knytt til datamaskina. Eg har begynt å vere med på å skrive i internettleksikonet Wikipedia. Eg skriv på bokmåls-wikipedia, dei har over 65.000 artiklar, men det er mange emne ein kan ta fatt på. Truleg vil eg skrive noko der også i sommar. Du kan jo gå inn på sida om Valle og sjå om ho vert endra i løpet av sommaren.
http://no.wikipedia.org/wiki/Hovedside
http://no.wikipedia.org/wiki/Valle

God ferie til alle som høyrer på Valle radio!

Dette var hovudinnhaldet i kåseriet eg hadde i Valle radio tysdag 20. juni klokka 18:10

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *