Naturen som grunnlag for bygdeutvikling

Share

Dette var tema for programmet i Valle Radio onsdag 15. juni 2006. Gjester i studio var Olav M. Holen og Torjus Uppstad. Vi var innom mange sider av saka. Torjus er dagleg leiar i VaFA, Valle Fiskeadministrasjon, Olav er lege og oppteken av medisinske planter. Garden som Olav kjem frå ligg på botnen av Botsvatn, så når han set garna der inne, fiskar han på eigen grunn, bokstaveleg tala.

Olav tenkjer seg at det kan vere aktuelt å halde vekesopplegg der ein kombinerer natur, tradisjon og kultur for folk som er interesserte i ferie med meining. Her ligg både fiske og vegetasjon naturleg til i eit opplegg. Men det kan også tenkjast at tradisjonsmusikk kan integrerast i opplegget, særleg vil det kunne vere ein fin plass for unge musikarar å presentere seg. Olav har og kontakt med representantar frå land innan EU, så ein ser på om det er råd å utvikle samarbeidsprosjekt som kan få stønad frå både sentralt hald i Noreg og EU.

Torjus er oppteken av at fisketilbodet som grunneigarane rår over, skal generere meir aktivitet og dermed inntekt. Difor arbeider han no med eit prosjekt i samarbeid med Telemarksforskning for å utvikle innlandsfiske i Valle og Bykle til å bli noko som trekkjer turistar til regionen. Når turistane treng guiding og meir informasjon, kan det vere noko som grunneigarar står for. Sjølv om fisket i seg sjølv er gratis, vil aktiviteten som kan kome som ein del av det folk vil betale for å få, gje større inntekt både til lokalsamfunn og grunneigarar.

Det er ikkje lett å summere opp ein liten times samtale med få ord. Men samtalen gjekk etter desse linjene. Harald synte til dokumentet Kartlegging av naturlokalitetar i Bykle og Valle. Det ligg på Internett på adressa http://tinyurl.com/n33co

I samtalen kom ein bare litt inn på den ressursen som dette dokumentet er i ein slik samanhang. Dette kan vere grunnlag for mange program seinare, om ein finn ei form som kan tilrettelegge stoffet for radio.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *