Onsdag 14. juni 2006 – Nytt og aktuelt

Share

Denne kvelden starta med at eg prøvde å ringe Kent Vidar som var sett opp som teknikar. Han svara telefonen frå London – 10. klasse var på klassetur. Det enda opp med at eg var teknikar sjølv denne kvelden, noko som førte til litt endring i høve til oppsett program. Eg kutta ut open sending klokka 21, i staden sende eg «gamle svisker med Ånund K.» ein halv time, deretter ein time med Country Gospel før eg runda av med ein ny halvtime med «gamle svisker».

I Nytt og aktuelt var tema knytt til ferie og ferieopplevingar. Første gjesten var **Monika Antun**, pedagogisk konsulent for Setesdalsmuseet. http://www.setesdalsmuseet.no/
Ho fortalde om sommaropplegget, med spesiell vekt på Utstillinga på Hovudbygget, Torvald Moseids «De fire årstider», som er ny i sommar. Eit 64 meter langt brodert teppe tek store delar av utstillingsarealet. http://www.fvn.no/kulturpuls/kunst/article347100.ece

Neste gjest var **Jon Melhus**, som fortalde om Norsk Munnharpeforums http://www.munnharpe.no/
festival som skal vere i Soknehuset på Rysstad 22. og 23. september. Før det skal det vere internasjonal festival i Amsterdam, Nederland 28.-30. juli. Jon reiser dit saman med Johanna og Gunnar Solheim, så Setesdal er representert også der.

Siste gjest var **Ånund K. Homme**, som fortalde om aktuelle prosjekt på Setesdalsforlaget. http://www.setesdalsforlaget.com/

I **Kommunen informerer** var musikkskolerektor **Per Kristiansen** gjest. Han hadde med seg Sindre på fire år, i Valle radio går det bra, sjølv om Sindre gjerne ville ha meir kjeks i løpet av programmet 🙂 Vi snakka om sommarkonserten i kulturskolen mandag 12. juni, der 75 personar deltok og minst like mange høyrde på. I samband med dette var det naturleg å nemne tilboda som kulturskolen har. Vi snakka og om skuleruta til hausten, (siste skuledag før ferien er onsdag 21. juni, og skulen startar att for elevane 21. august) om Tveitetunstemna 6. august
http://www.valle.kommune.no/innhald/h_nyheter_detalj1.asp?Id_Nyheter=388
og Setesdalskappleiken 4.-5. august.

Siste innslag med dette temaet hadde vi klokka 20. Då kom **Hans Petter Andersen** frå Joker Valle i studio og fortalde om Skattejakta på Sørlandet. Skattkista står i Valle sentrum, men byter plass frå dag til dag. Dette opplegget er blitt svært populært, men det er første gong Valle er med. I år er det også ei Skattkiste på Rygnestad. Til saman er det ni kister i Setesdal. http://www.skattejakt.no/

Klokka 22.30 ringde Tarald Flateland og bad om at me informerte om at torsdag morgon kom vatnet til å vere borte sør for Valle sentrum, då dei skulle reparere ein lekkasje bak Bergtun. Eg kunne formidle dette til lydarane, og sjølv om det var seint, var det folk som fekk det med seg og kunne tappe opp vatn til bruk neste morgon.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *