Radiobasar i Valle for kreftsaka

Share

**40000 kr. før kveldssendinga er i gang**

Tekst: Sigurd Haugsgjerd (Setesdølen fredag 2. juni 2006)
-Det finst knapt ein familie som ikkje har nære slektningar som på eit eller anna stadie i livet blir råka av kreft. Dette er ein folkesjukdom, og i kveld vil me samle folket til eit krafttak for kreftsaka, seier Hallvard Kjelleberg i Valle Radio til Setesdølen. I kveld tar han med seg Eli Undheim frå Kreftforeninga og går i studio kl. 19.

Det blir sending for heile dalen. På ein tilsvarande basarkveld for tre år sidan vart det samla inn tett på 100.000 kroner til det gode føremålet. Ved Valle Radio sin eigen radiobasar i påskehelga i år kom det inn til saman 160.000 kroner, så dette har vist seg å vere ei fin form for pengeinnsamling.

-Det er kombinasjonen informasjon og underhaldning som fungerer så godt når me som i kveld let Kreftforeninga sitt arbeid vere det sentrale, seier Hallvard Kjelleberg.

**Pangstart**
Han synest programmet denne gongen har fått ein pangstart alt før det er i gang.

-Responsen frå næringslivet, ikkje berre lokalt, men i heile landsdelen er direkte imponerande, seier han. Hallvard fortel at det alt er kome inn 40.000 kroner i støtte frå sponsorar. Alt frå kommunen og Nomelands Anleggsmaskinar til Valle Sparebank, Evje og Hornnes Sparebank og ikkje minst eigedomsmeklarane i byen er med. Dei sistnemnde utfordrar kvarandre, så ein kan mest ikkje vite kva som kan skje før kvelden er omme.

**Super-madrass**
Også gevinstane er særs flotte denne gongen. Ei Delta-madrass frå Deltasenteret i Kristiansand er hovudgevinsten til ein verdi av over 10.000 kroner. Men det er også mykje meir av mindre gevinstar. Folk frå heile dalen blir oppmoda om å bli med både som lydarar på sjølve sendinga og ved å engasjere seg og støtte ei god sak. Hallvard Kjelleberg minner og om at folk lengre unna kan fylgje radiosendingane på internett.

**Dugnadsstab i sving**
-Me i Valle Radio synest det er moro å kunne vere med på dette, seier han og fortel om eit heilt kobbel av dugnadsarbeidarar som er i sving i kveld. Alt frå loddseljarar (på data), telefonvakter og teknikarar til programleiarar er på plass for den gode saka.

I tillegg til Eli Undheim frå Kreftforeningen har Hallvard med seg Rolf Erik Homme i studio i kveld. Den syngjande politimannen kan nok kome til å opptre både i opptak og «live», kjemmer me han rett.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *