To konsertar i sommar

Share

Kirsten Bråten Berg ringde til meg i dag. Heimesida hennar finn du her: http://www.bergsam.no
Ho fortalde om to konsertar ho gjerne ville gjere Valle radio merksam på:
**Fredag 21. juli i Valle kyrkje kl. 19.00:**
Beth Kollé frå Seattle kjem med gruppa HARPA. Dei er 8 personar som spelar keltiske harper. Her er heimesida hennar: http://www.bethkolle.com og der finn du også informasjon om platene og om stader dei skal besøke under turen i Noreg.

**Laurdag 29. juli i Samfunnshuset, Hovden**
«Han kan smile med tårer på kinn» er tittelen på konserten der Kirsten tek med seg Ida Lorentsen og Jon Ellingsen som ho var saman med på Tryllefløyta-turneen for å framføre stoff av Svein Hovden. Åsmund Nordstoga skal vere forteljar, og det vert både song og dans. Ein konsert klokka 18.00 og ein konsert klokka 21.00, etter det Kirsten visste no.

Set av dagane og få med deg flotte arrangement i sommar.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *