Valle i Wikipedia

Share

Eg har begynt å skrive i Wikipedia, Den frie encyklopedi, som den vert kalla. Det er eit internettleksikon som alle kan skrive i. Til no er det 66.467 artiklar i bokmålsutgåva og 16.012 i nynorskutgåva. Eg skriv i bokmålsutgåva og har redigert på artikkelen om Valle kommune og skrive ein del andre artiklar frå start. Utan dei hadde det kanskje bare vore 66.460 artiklar :-).

Det er morosamt å kunne vere med på ein slik dugnad. Kven som vil kan skrive om det ein har kjennskap til eller kunnskap om. Er det noko som andre har starta og som du veit noko å føye til, så er det mogleg å gå inn og føye til nytt stoff. Det er jo eit risikabelt prosjekt, for av og til er det nokon som skriv og bare datamaskina kan identifisere dei. Då kan det vere fristande å lage noko krøll i ein artikkel. Men det er mange som skriv, så det vert som regel fanga opp ganske fort og retta tilbake til originalen.

Når det gjeld artikkelen om Valle kommune, er det fleire raude linkar. Det betyr at det ikkje er nokon artikkel om dette emnet, og då kan du gå inn og skrive om det. Særleg gjeld det kjende personar frå Valle. Her er det bare Paal Helge Haugen og Osmund Faremo som det er artiklar om, så det kan vere mange artiklar å ta fatt på framover.

Eg kunne nok og tenje meg å redigere heile artikkelen om Valle. No er han i grunnen bare ein start. Men det får vere til seinare. Inntil vidare vil aktiviteten min på wikipedia vere liten, ettersom ein ferietur står for døra.

http://nn.wikipedia.org/wiki/Hovudside Nynorsk
http://no.wikipedia.org/wiki/Hovedside Bokmål

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *