Skattar i Valle 1 – St. Jørgen på Rygnestad

Share

Sist veke skreiv eg om Hylestadportalane her på bloggen. Eit viktig motiv i treskurden er Sigurd sin kamp mot dragen Fåvne.

I grunnen er det det same motivet ein kan finne i eit av teppa på Rygnestad. Ruth Hamran har ein interessant artikkel om dette i jubileumsskriftet til Valle kyrkje sitt 150-års jubileum i 1994. Artikkelen heiter Kirkerester i loftet på Rygnestad og fortel om fleire ting i loftet som kan ha vore i ei av dei gamle kyrkjene i Valle.

St. Jørgen var helgenen som beskyttet mot leprasjuke, spedalskhet. Leprahospitalet i Bergen heitte St. Jørgens hospital, og Ruth Hamran fortel at slike hospital og er kjent på Hamar og i Tønsberg. Sjukehuset i Tønsberg åtte i 1445 eit jordstykke i Kveste. Dette var før reformasjonen, og slike sjukehus vart ofte drivne av kloster som kunne få testamenatariske gåver.

Ruth Hamran meiner at biletet må stamme frå ei kyrkje, kanskje frå eit alter for St. Jørgen. Om det var eit slikt alter i ei gamal stavkyrkje, er ikkje godt å vite. Sjølv om biletet på Rygnestad er medteke, har ho funne ut at det er vevd i Västergötland, der det var fleire verkstader som arbeidde i tradisjonen frå den heilage Birgitta si tid. Ruth Hamran meiner det er det eldste svenske veggbonad som er teken vare på.

St. Jørgen sin kamp mot dragen, Sigurd Fåvnesbane sin kamp mot dragen, det er i grunnen to sider av same sak. St. Jørgen er St. George i engelsk språkdrakt, og plutseleg er speidarrørsla med i denne artikkelen, for på St. Georgsdagen, 23. april, fornyar dei speidarløftet, og det vert gjort i speidarsamlingar over heile verda denne dagen.
http://www.speiding.no/nyheter/?liste=arkiv;dato=200304;id=634

Ruth Hamran har skrive ei heil bok om samlinga på Rygnestad, **Billedsamlingen i Rygnestadloftet, Valle i Setesdal : fra senmiddelalder til reformasjon og renessanse** Den kostar 295 kroner, og her kan du finne ut meir om skattar i Valle.
http://www.bokkilden.no/SamboWeb/produkt.do?produktId=136649&rom=MP

Kraftlinjekamp

Share

Kampen mot kraftlinje i luft aukar og blir breiare. No har motstandarane mot linja mellom Holen og Skåreheia fått Naturvernforbundet med seg. I Aftenposten i dag er det ein artikkel om dette. http://www.aftenposten.no/nyheter/miljo/article1404030.ece

Under eit bilete av ei kraftlinje i Osloområdet som går frå Sognsvann til Kikut og som skapte kraftige demonstrasjonar på 40-talet, seier Lars Haltbrekken at han forstår aksjonane i dag og at linja som vart bygd på 40-talet neppe hadde blitt bygd i dag.

Kampen som blir ført i Setesdal er bare ein del av ein større kamp. For både i Hardanger og på Sunnmøre er det aksjonar for å stoppe luftspenn i område som på ulike måtar har miljøkvalitetar. Haltbrekken seier at politikarane like godt kan bu seg på desse kampane, for Naturvernforbundet kjem ikkje til å gje seg når det gjeld krava om at linjene må leggjast i kabel og ikkje i luftspenn.

«- Statnett må instrueres i å ta hensyn til natur og miljøinngrep, ikke bare ta hensyn til det rimeligste alternativet. De må få et annet oppdrag, og det er det bare Stortinget og regjeringen som har ansvaret for at de får, påpeker Haltbrekken,» i følgje Aftenposten, som og har teke ein ringerunde til medlemmer av Stortinget sin energi- og miljøkomite og funne støtte til ønsket om brei debatt om spørsmålet. Leiaren i komiteen, Gunnar Kvassheim, seier han vil stå og presse regjeringa i denne saka.

Haltbrekken meiner at linja Ørskog – Fardal vil vere det verste inngrepet i naturen på lang tid. Den traseen går gjennom friluftsområde og verna område, nær verna vassdrag, Geirangerfjorden og nasjonalparkar.

Kanskje utbyggjarane like godt skulle tenkje seg om, kalkulere på nytt og leggje alle linjene i kabel. Tida er ute for luftstrekk i det heile no. Det bør dei ta inn over seg og tilpasse seg.

**Eksterne lenker**
Statnetts omtale av Holen – Skåreheia
http://tinyurl.com/hpb3l
Statnetts omtale av Ørskog – Fardal
http://www.statnett.no/default.aspx?ChannelID=1417
Statnetts omtale av Sima – Samnanger
http://www.statnett.no/default.aspx?ChannelID=1407

Valhall

Share

I Fædrelandsvennen torsdag 27. juli har Bjug Åkre eit interessant innlegg om ungdomshuset Valhall og Valle frilynde ungdomslag.

Bakgrunnen er ein reportasje i Fædrelandsvennen laurdag 25. juli der Johs. Bjørkeli hadde med seg Åsmund Åmlid på gjengrodde stigar. Ni bilete dokumenterte at forfallet var kome lenger enn langt.

Men var det prestane Aune og Amlid som stod bak Valhall? Johs. Bjørkeli seier at utan dei hadde det kanskje ikkje vore noko ungdomshus i Valle. Lenger ute i artikkelen fortel han at prestane drog i gang Valle Frilynte Ungdomslag, og slik oppstod ungdomshuset Valhall.

Bjug Åkre siterer Olav K. Brottveits artikkel i Festskrift til 100-års jubileet for Valle kyrkje frå 1944. Der hetier det at det var lærar Torjus Åkre som skipa det frilynte ungdomslaget og at målet for laget var å venja ungdomen av med drikking og få han til å interessere seg for åndelege hugmål og leva eit vent og godt ungdomsliv. Sjølv om presten støtta det gode føremålet, var det læraren som stod bak oppstarten.

Etter kvart fekk eldsjelene i ungdomslaget bygd ungdomshuset. Den første tida var det både skodespel, bygdekino og dansefestar der, men etter kvart vart det mindre av lagsmøte og skodespel og meir av dans og fest. Johs. Bjørkeli fortel om Åsmund Åmli som både øvde her med dei første banda han skipa og spelte her til dans mange gonger. Han refererer og Magne Rike som fortel om mykje flatfyll på lokalet på 60-talet.

Ingen likar flatfyll, og etter kvart som eldsjelene i det frilynde ungdomslaget vart eldre, vart det sjeldnare og sjeldnare at det var arrangement på Valhall. Dei siste 15 – 20 åra har det stått til forfall. Eit malingsstrøk før kongeferda har ikkje kunna hindre det.

I vår baud kulturkonsulent Hege Sandhaug inn til eit møte om ungdomslaget, sikkert og med sikte på å finne ut kva ein skulle gjere med huset. Kva som kom ut av møtet, veit eg ikkje, men etter det eg høyrde var det vanskeleg å finne styret i ungdomslaget, det var lenge sidan laget hadde vore i drift.

Alt har si tid, heiter eit gamalt ord. Det spørs om ikkje tida for Valhall er over no.

Song og musikk på Ose

Share

Så er det tid for kristen song og musikk på Ose. Oddvar Høgevoll med gode hjelparar står for arrangementet denne helga. Det blir neppe så stort som sist helg, men for dei som likar gospel country bør det bli ei triveleg helg.

Oddvar og venene hans har etter kvart fått til mykje når det gjeld folkeleg kristen sang. Platene med arven etter Åge Samuelsen, stemna på Longerak, sangstundene på Setesdal hotell, alt er med på å gje rom for kristen sang og musikk her i Setesdal.

I kveld var det konsert, i morgon vert det nye samlingar både klokka 14 og 19, medan søndag startar det klokka 12. Det sosiale rundt arrangementa betyr og mykje, og her kan folk ha ei bibelcampinghelg på tampen av juli.

I Setesdal har det vore bibelcamping på Evjetun, og elles på Sørlandet har det vore mange høve til å samlast om kristen sang og musikk, forkynning og fellesskap. For dei som kan ta ut, er det ikkje grunn til å kalle det turketid. Dei som ikkje kan ta ut, føler det nok meir turt.

Men snart er det tid å tenkje på radio att. Eg vonar at de som les på bloggen gleder dykk til å finne fram til Valle radio anten på internett eller på FM og lytte til song og musikk, anten det no er frå Ose eller andre stader.

Eg dreg ikkje dit denne helga, andre avtalar gjer at eg ikkje har høve til det. Men eg sender lukkeønske til Oddvar og eldsjelene som er samla på Ose.

Farlege fossar og djupe jettegryter

Share

Sjølv om det ikkje lenger er stor vassføring i Otra og sideelver, syner det seg at fossane er farlegare enn ein skulle tru. For tre år sidan omkom Lars Henrik i Faråne, no er det ein annan ungdom frå Øvre Setesdal som har late livet.

Ulukka i Bykle i går har gjort sterkt inntrykk på folk i heile dalen og vi føler medkjensle med dei næraste som sit att med sorg, tap og sakn.

Det er grunn til å takke alle som stiller opp når ulukka er ute. Etter ulukka var det mange folk som gjekk på glatte berget for å sjå om dei kunne finne den omkomne. Likevel gjekk det mange timar før det lukkast. Fædrelandsvennen fortel at lensmann Knut H. Nomeland var på ulukkesstaden det meste av tida frå ulukka vart meld til den omkomne vart funnen. Det var tunge timar for han så vel som for dei andre som var med.

Jettegryta som dei bada i var spesiell fordi den hadde avløp i botnen. Dermed vart det eit sug i straumen, og det var først etter at ein hadde demt opp vatn og leidd det bort frå gryta at erfarne dykkarar kunne gå ned i det mørke holet. Nesten heilt til botn måtte dei før han vart funnen.

Når veret er slik det har vore dei siste vekene, er det heilt naturleg at folk tek turen til badeplassane. Ved sjøen heiter det Vis sjøvett, ein tenkjer nok mest på folk i båt med den kampanjen. Men alle som lever ved vatn bør hjelpe kvarandre og minne kvarandre om reglar det er viktig å hugse på når ein går frå land til vatn.

I går kveld var kyrkja i Bykle open slik at folk kunne samlast i sorga. Her kunne dei hjelpe kvarande med spørsmål som det er uråd å svare på, men der ein på ein spesiell måte for Guds andlet kan gje sorga rom. Vi er ikkje fleire i Øvre Setesdal enn at vi treng kvarandre både i glede og i sorg. I kyrkja får vi kanskje på ein særleg måte del i Guds velsigning også i sorga.

Hylestadportalane her og der

Share

I tillegg til artiklane eg nemnde tidlegare er det no ein artikkel om Hylestadportalane på Wikipedia. Sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Hylestadportalene

Desse portalane er no på Oldsakssamlinga i Oslo. Eg spurde to av borna mine om dei hadde vore og sett dei der, det hadde dei. Det har ikkje eg, men eg skal ta meg tid til det når eg er i Oslo, museet er jo sentralt i hovudstaden.

Men eg har sett dei i våpenhuset til Hylestad kyrkje. I den tida vi hadde Vegkyrkje, var det mange som fekk høyre soga om portalane av kyrkjevertane. Vi hadde og eit ark med informasjon på fleire språk om Hylestadportalane.

No har vi ikkje vegkyrkje i Hylestad kyrkje. Men kyrkja står open no om sommaren, og du kan gå inn for ei stille stund der eller for å sjå på kopiane av Hylestadportalane. Det er ingen guidar der no, det vart for dyrt å løne folk til å ta seg av turistane om sommaren. Men portalane står der og du kan late deg imponere over treskjeringa som skal vere utført i Sirdal på 1200-talet. Det er vurdert til å vere av det ypperste av norsk treskurd frå middelalderen.

Så kan du late deg inspirere til å kjempe mot dragen i ditt liv, kva det no skulle vere.

Eg kalla dette innlegget for Hylestadportalane her og der. Dei er her, i kyrkja og på Sylvartun som treskurdkopiar. Heide Kohler har overført motivet slik at det og er blitt portalar for Suleskardvegen både på vestsida og austsida. Dei er malte på skilt som vegvesenet har sett opp.

Motiv frå Hylestadportalen finn du og på frimerke og på pengar. Finn fram ei krone og sjå om du kjenner motivet. Ta krona med deg til Hylestad kyrkje og samanlikna. Etterpå kan du ta både den og femtilappen med motiv frå Hylestadportalen og gje i kollekt, femtilappen har Åsmund Olavsson Vinje på framsida og detalj frå Hylestadportalane på baksida.

Her er ei lenke til informasjon om norske myntar:
http://www.norgesbank.no/sedler_og_mynt/sedler.html Her får du vite at femtilappen med Hylestadportalane på vert ugyldig frå 28. januar 2008.

Svarvarnuten og May-Brith Ohman Nielsen

Share

Som eg skreiv i går, legg dei no inn fjell i Valle på Wikipedia. I dag kom **Svarvarnuten** som ny artikkel i leksikonet. Den er så kort at eg kan sitere det som står der:

Svarvarnuten (1378 moh) er et fjell i Valle kommune. Det er et av de beste utsiktspunkene i Setesdalsheiene.

«Trauste menn ved Svarvarnuten : en undersøkelse av årsakene til den store oppslutningen om Nasjonal Samling i Setesdal i årene 1933-1945» er en hovedfagsoppgave av May-Brith Ohman Nielsen (UiB, 1989).

Hentet fra « http://no.wikipedia.org/wiki/Svarvarnuten ».

Eg tenkte eg skulle finne ut noko meir om **May-Brith Ohman Nielsen** og tok til å leite på Internett ved hjelp av Google. Då fann eg eit intervju som Vidar Udjus hadde gjort med henne i Fædrelandsvennen 29. mai 2005. Her fortel ho om hovudfagsoppgåva i historie ho skreiv på slutten av 80-talet. På den tida var datamaskinen ny og vart brukt til å telje. Ho talde utbreiing av medlemer i NS rundt om i landet og fann ut at det etter måten var mange i Valle. Tittelen på oppgåva tok ho frå underskrifta NS-medlemene sette under helsingstelegrammet då Vidkun Quisling vart ministerpresident i 1942.

Vidar Udjus spør henne om ho fann ut kvifor det var så mange i Valle. Ho kan då fortelje at partikontoret i Kristiansand dreiv ei svært aktiv verving der dei gjekk frå hus til hus for å rekruttere medlemmer. Dei såg på setesdølane som ur-germanarar, fortel ho.

Seinare har historieinteressa ført May-Brith Ohman Nielsen, som er fødd i 1962, til ei akademisk karriere. Ho har teke doktorgrad med ei avhandling som heiter Jord og ord, der ho studerer Bondepartiet frå 1915 til 1940. No er ho tilsett ved Institutt for historie, Høgskolen i Agder.

Saman med andre har ho skrive Samlagets læreverk i historie, Portal, der ho har ansvar for Noreg etter 1850. Verket hausta storm mellom anna fordi ho ikkje hadde organisert stoffet slik at 2. verdskrig kom som eige kapittel.

Sjølv om ein historieengasjert forfattar altså har hausta storm, er det ingen tvil om at ho har evne til å finne slåande formuleringar og nytte dei til nye føremål. Ikkje mange hadde lagt merke til ei hovudfagsoppgåve i historie om det ikkje var for ein slik slåande tittel.

Svarvarnuten er elles eit populært turmål i Setesdal Vesthei. Her er ei side med bilete frå området: http://tinyurl.com/qmkwh
Trykk på bileta for å gjere dei større. Om det gjev deg lyst på ein fjelltur, så ta med fiskestang og ha ein god tur.

Valle på Wikipedia

Share

Eg har tidlegare fortald at eg er blitt hekta på Wikipedia, det dugnadsbaserte leksikonet på Internett. No nærmar bokmålsversjonen av leksikonet seg 70.000 artiklar. 29 av artiklane er kopla til Valle. Her er ei liste:

Valle
B
Kirsten Marie Bråten Berg
Bjørgum kraftverk
Hallvard T. Bjørgum
Botnsvatnet
Brokke kraftverk
F
Osmund Faremo
Fisstøylvatnet
H
Paal-Helge Haugen
Hylestad
Hylestad kirke
K
Kolsvatnet
Steinar Kyrvestad
O
Otra Kraft
R
Rosskreppfjorden
S
Theis Salvesen
Setesdal Vesthei – Ryfylkeheiane Landskapsvernområde
Johannes Skar
Store Bjørnevatn
Storvatnet i Bykle
Straumsfjorden
T
Ole Knudsen Tvedten
Tveitetunet
U
Urddalsknuten
V
Valle (tettsted)
Valle Radio
Valle flyplass, Åraksøyne
Valle kirke (Aust-Agder)
Ø
Øyarvatnet

Alt dette finn du på http://no.wikipedia.org/wiki/Kategori:Valle
Frå denne sida kan du klikke deg fram til artiklar om temaet. Ikkje alle artiklane er like lange og gode. Om du veit meir, kan du skrive inn utfyllande opplysningar.

I helga prata eg med Hallvard Kjelleberg om Valle radio-artikkelen. Han likte ikkje at artikkelen låg på bokmålsversjonen av Wikipedia og meinte at stoff om Valle burde vere på nynorsk. Den nynorske versjonen har 16322 artiklar, og den aukar på langt nær så fort som bokmålsleksikonet. Om du er samd med Hallvard kan du gjere ein innsats for nynorsk-Wikipedia. Du kan til dømes omsetje artiklane som er relatert til Valle.

Som du ser av lista over er det kome med nokre vatn og fjell i Valle. Det er ikkje så vanskeleg å utvide med fleire, det er bare å ta seg tid til å gjere det.

Eg vil halde dykk som les på bloggen min oppdaterte om korleis prosjektet går – på bokmål inntil vidare. 🙂

Opptur

Share

Fredag sette eg meg i bilen og tok turen frå Mandal til Valle. Det er ein tur på om lag 19 mil som brukar å gå greitt. Eg hadde rekna med stor trafikk, og det stemde, det var mange som var på veg oppover dalen.

Men før eg kom til Setesdalsvegen, var det problem, for det hadde vore ei ulukke på E-39. Siste kilometeren før Brennåsen brukte eg tre kvarter på. Men det er ingen naturlege omkøyringsvegar, så det var bare å smørje seg med tolmod. Etter kvart fekk eg vite grunnen til problema, det hadde vore ein kollisjon ved Farvannet like aust for Brennåsen.

I ettertanken oppover Songdalen måtte eg erkjenne at ein i grunnen må vere glad at det som oftast går godt, det er ganske stor trafikk på vegar som ikkje er tilpassa dagens trafikkbelastning.

Dette var helga med countryfestival på Ose, og nokon kvar kunne verte overraska over byen som hadde grodd opp på Reiårsfossen camping. Det blei sagt det var over 5000 der, og veteranbussar, campingbilar, campingvogner og telt fylte heile området. I det fine veret såg dei ut til å kose seg.

Harpekonserten i Valle kyrkje har eg skrive om tidlegare, så den kan eg hoppe over her. Laurdagen fekk eg i Valle, hyggeleg å treffe kjente både på Motellet og elles. Sjølv om sola steikte i Valle sentrum, var plenen grøn og fin utanfor huset eg bur i, om enn noko skrinn. Og huset skein nymåla mot meg.

Sundag var ein ny opptur med gudsteneste i Hylestad kyrkje. Theis var tilbake frå ferie, men kyrkjelyden var ikkje tilbake, han hadde 16 sjeler å tale til denne dagen. Men det var ein sangglad benk på mannssida som tok del i salmesongen med solide bassar, så om eg hadde gjort opptak til Valle radio, ville ingen tenkt at det var få folk i kyrkja. Eg gjorde ikkje opptak denne sundagen. Offeret var til Norea Radio, eg vonar dei fekk eit godt offer, for dei leverer program til Valle radio kvar veke, utan deira innsats er det vel snaut om vi kunne halde oppe tysdagsprogramma på den måten vi gjer det no.

Etter messa var det kyrkjekaffe utanfor. Vi måtte finne plassar i skuggen, og praten gjekk om mange ting. Diakoniutvalet hadde vore på countryfestivalen og steikt vaflar av femti liter vaffelrøre. I utgangspunktet skulle prostidiakonen vore med, men han vart oppteken på Hægeland i samband med ulukka der dei fleste i ein familie omkom. Difor hadde diakoniutvalet vore utan diakonen på dette prosjektet.

Elles var gamlepresten, Leif Raustøl, innom til messa denne dagen. Han var prest i Valle før Theis kom, og sjølv om det er mange år sidan, trefte han gamle kjende.

Så bar det nedover dalen att. Sjeldan har eg kjørt riksveg 9 med så stor trafikk. Det gjekk i strie straumar både oppover og nedover dalen. Mange skulle heim frå countryfestival, andre hadde sikkert ulike grunnar for å ta på tur. Heldigvis var det fin kjøring, så turen gjekk greitt.

Denne helga var ein opptur. Takk til alle som gjorde den triveleg.

Harper i Valle

Share

I går var det konsert i Valle kyrkje, den einaste i sommar, etter det Sissa sa då ho ønska velkommen til over 100 forventningsfulle lydarar.

Kirsten Bråten Berg overtok og leia konserten saman med Beth Kollé, den amerikanske musikaren som leia gruppa HARPA ’06. Gruppa var sett saman for denne turneen og var på 13 personar, dei fleste på harper, men og nokre på gitar og ein på fele.

Dei hadde eit fullt program, som dei delte i to, eller kanskje skulle vi seie, tre delar. Første delen var programmet ved dei amerikanske gjestene, andre delen var balladar som Kirsten song, akkompagnert på harpe av Beth. Tredje delen stod alle for, og dei hausta vel fortent applaus for framføringa.

Noko av programmet vil eg presentere i Valle radio til hausten. Men eg gjorde ikkje opptak av konserten, og dermed er balladane til Kirsten med harpeakkompagnement ikkje bevarte for ettertida. Heller ikkje stevleikane og stevrekka etter Tarald Jonson Uppstad/ Gus Rysstad vart teke opp. Dei hundre som høyrde desse gjekk rike heim, mange med ei cd-plate knytt til programmet amerikanarane hadde med seg. Den skal eg bruke når eg lagar program om kvelden.