Agder folkemusikkarkiv

Share

I dag var det eit oppslag av Ole Birger Lien i Setesdølen om Agder folkemusikkarkiv. No er Sigurd Brokke dagleg leiar etter at Harald Knutsen har fått permisjon i to år for å byggje opp ei felesamling i Bø.

**Meir enn 20.000 kutt**
Sigurd fortel at arkivet no har meir enn 20.000 kutt med opptak av gamle slåttar. Dei kan vere nyttige når nye folk vil høyre og lære viser og stev eller slåttar av gamle utøvarar som ikkje lenger er blant oss. Men arkivet gjer og opptak frå festivalar og arrangement no for tida og dokumenterer desse for framtida.

**1500 stev**
I samlinga er det svært mange stev, og der er både tekst og tone interessant. Difor har Agder folkemusikkarkiv hatt eit prosjekt for å skrive opp teksten og gjere det mogleg å søke innan tekstane. Alfred Ryningen har stått for dette arbeidet, og no er samlinga auka til 1500 stev.

Arkivet bør vel også oppdatere heimesidene sine slik at dei rette tala kjem fram. No står det 10.000 kutt på heimesida og 20.000 i avisa.

Ta ein tur innom Agder folkemusikk si nettside og sjå på alt du finn der. Kanskje er det tid for å lære eit stev eller to i sommar? Her finn du nettsida: http://www.folkemusikkarkivet.net/agder/index.html

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *