Juni på bloggen

Share

Så er vi komne til juli. I juni skreiv eg eit innlegg kvar dag, med unntak av helga 17. og 18. Eg har prøvd å skrive eit innlegg kvar dag, det gjev rytme og kontinuitet. Teljaren syner at det var 292 besøk og 792 sidevisningar i juni. Når det gjeld sidevisningar, er talet mest like stort som i mai, bare to sider mindre. Men det er over hundre færre besøkjande, 292 i juni, 427 i mai.

Sjølv om det ikkje lenger er sendingar i Valle radio, vil eg prøve å skrive på bloggen også i sommar. Eg vonar at du som les dette, vil fylgje med på skrivinga mi. Du kan sende meg ein epost med kommentarar eller skrive kommentar på bloggen. God sommar til dykk alle.

Harald

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *