Landskappleiken 2006 Beitostølen Del 1 Lagspel

Share

Setesdølen melder at det var sterk innsats frå setesdølane på Landskappleiken. Etter det eg kan sjå frå biletet i avisa, var det folk frå Øvre Setesdal som representerte dalen. Det vil seie at dei har tilknytning til Bykle og Valle. Men ikkje alle er fødde og oppvaksne i Øvre Setesdal. Det gjeld i særleg grad **Spelemannslaget Knut Heddis Minne**, som delte førsteplassen i Lagspel hardingfele senior med Gamlebanken spelemannslag frå Indre Sunnfjord. Her er lista:

**Lagspel hardingfele senior**
1 Gamlebanken Spelemannslag, Indre Sunnfjord spelemannslag – 129
1 Knut Heddis Minne, Setesdal spelemannslag – 129
3 Haugesund spelemannslag – 122
4 Vårflaumen spel- og dansarlag – 110
5 Hallingdal låtelag – 109
5 Kristiansand spel- og dansarlag – 109
5 Numedal spelmannslag – 109
8 Seljord spelemannslag – 108
9 Spelemannslaget Bøheringen – 103

**Knut Heddis Minne**
Medlemene i laget er Monika Antun, Marton Laksesvela, Harald B. Knutsen, Knut Breivegen, Herbjørn Liahagen og Daniel Sandén-Warg. Alle er arbeidsinnvandrarar til Valle, bortsett frå Knut som er innfødd setesdøl. Øvingane har dei i stoga etter den legendariske spelemannen Knut J. Heddi (1857-1938) på Rysstad, soleis fall også namnet til laget på plass, heiter det i omtale av **CD-en LEA DEG**:
http://www2.nfd.no/manadens_mai03.htm

Her er resultata deira på landskappleikar:
2001 Rauland – Vinnar
2002 Vågå – Ikkje med
2003 Gjøvik – Ikkje med
2004 Eidfjord – Vinnar Bilete frå Eidfjord http://tinyurl.com/rzk4k
2005 Røros – Vinnar
2006 Beitostølen – Vinnar

Det betyr mykje for Valle å ha ei slik gruppe i bygda. Herbjørn Liahagen bur ikkje lenger i Valle etter at folkemusikklina på Valle vidaregåande skule er lagt ned og Harald Knutsen har permisjon frå stillinga som leiar for Agder Folkemusikkarkiv på Rysstad. Om gruppa klarer å halde saman, vil tida vise. Dei har betydd mykje for all folkemusikken, men særleg hardingfelespel, i Setesdal dei siste åra, og det vil vere eit stort tap for bygda om gruppa ikkje klarar å halde saman.

Frå Valle radio vil vi gratulere så mykje.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *