Sølepyttar i sommarland

Share

«Hallvard Brattland, og søstrene Ingebjørg Lie og Sigrid Bakken har et svare strev med å få ut båten i det vannfattige Bossvatn.FOTO: ANDERS MARTINSEN» heiter det i biletteksten til ein artikkel i Aftenposten i dag: http://www.aftenposten.no/forbruker/pengenedine/strom/article1389595.ece
Ingebjørg målber det som mange vanlege folk ikkje forstår når ho fortel at dei siste vekene har Bossvatn blitt tappa ned mellom fem og ti meter: -Eg kan ikkje skjøne at straumprodusentane driv og tappar vatnet endå lenger ned.

Skulen i Bykle har skrive om dammane og reguleringane på ei side som kommunen har lagt ut på nettet: http://www.bykle.kommune.no/kultur_fritid/Damhist.htm

Valle har ikkje opplevd slike reguleringar som Bykle, reguleringane i Bykle er mykje av grunnlaget for at også Valle er ein kraftkommune, ettersom kraftstasjonen ligg i Brokke.

Klimaet for kraftutbygging er heilt annleis no enn då dette eventyret starta. Difor burde nok utbyggjaren Statnett høyre meir på synspunkta i lokalmiljøa, til dømes når det gjeld linjetrasé. Kampen om kraftlina frå Holen til Skåreheia er ikkje ein kamp om regulering av vatn, men ein kamp for å få minst mogleg sjenerande linjetrasé. Truleg må nok kraftselskapa sjå i augo at meir og meir av ledningsnettet bør leggjast i kablar i jorda i staden for i lange linjestrekk i lufta. Dermed treng dei høgare straumprisar enn dei får i dag, der straumprisen alt er rekordhøg. Før måtte linjekostnader kalkulerast inn i eit prosjekt utan at auka kostnader utan vidare kunne belastast kundene, no er slike ekstra kostnader i nettleie direkte lagde på dei som kjøper straum.

Spørsmålet om fjellvatna skal vere sølepyttar i sommarsesongen er eit overordna spørsmål som eigentleg er for viktig til at den som kan tene store pengar på å tappe vatna ned, skal få lov til aleine å bestemme dette. Vi burde hatt nasjonale føresegner som kunne syte for ei langt høgare minstegrense for nedtapping. Estetiske tilhøve i naturlandskapet er ikkje utan verdi, kanskje er dei tvert i mot ein viktig grunn til at så mange dreg til fjells på tur i heia om sommaren. Ørkenlandskapet som gjerne kjem fram ved stor nedtapping av regulerte vatn, vil nok dei færraste karakterisere som vakkert.

Så får vi heller finne den gyldne middelvegen, som det heitte før i tida. Det vil nok av og til seie at ein ikkje skal selje all kraft det er råd å produsere, sjølv om det finst kjøparar no når nettet er utbygd og forsterka. Av og til, til dømes i sommarsesongen når flest folk brukar fjellheimen, får ein heller samle opp så mykje vatn at ingen tenkjer sølepyttbilete i staden for fjellvatnbilete.

16. desember 2003 hadde ein kunstauksjon i Oslo eit fjellvatnbilete frå Bossvatn til sals. Sjå
http://www.gwpa.no/kataloger/2003/31/juleauksjonen/45903.html
Dette er eit bilete som framleis vekkjer større atterklang hos folk enn bileta i Aftenposten 17. juli 2006.

Halfdan Sivertsen skriv om «Sommarfugl i vinterland» – dei passar ikkje saman. «Sølepyttar i sommarland» er og malplasserte.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *