Bobby Bare til Bygland

Share

Setesdølen melder at countrysongaren Bobby Bare alt er komen til Bygland. Han skal opptre på Reiårsfossen countryfestival til laurdag, men før den tid vil han nytte høvet til å fiske i Byglandsfjorden.

Eg fann ei infoside om han på Internet. www.bobbyroberts.com/bare_bio.pdf Der står det at han heile livet har likt å fiske og at han bur på stranda til Old Hickory Lake utanfor Nashville saman med kona Jeannie. Då han var ung, spelte han i ein film, A Distant Trumpet, og han var aktuell for ein fjernsynsserie. Men så bestemte han at det han verkeleg ville, var å gifte seg med Jeannie Stirling, få nokre ungar og halde fram som countrysongar. Det gjorde han, og det har halde til denne dag. No turnerer han ikkje særleg, i år har han tre konsertar på tre veker i Noreg: Breim, Ose og Seljord. Så får han tid til fisking mellom konsertane.

Bobby Bare har samarbeidd mykje med Shel Silverstein, som har skrive mange av songane hans. Saman med Chet Atkins, Jim Reeves og Anita Kerr Singers var Bobby Bare med på den første Country Music Tour of Europe i 1964, då dei og var i Njårdhallen i Oslo, og sidan har han hatt eit stort namn på denne sida av Atlanterhavet. Etter den første turen kom han tilbake på ein tre månaders turne i Tyskland, og sidan har han vore på Europa-turar kvart einaste år.

Eg skriv denne omtalen medan eg er på ferie i Mandal. Hadde eg vore i Valle, skulle eg leita fram plater vi har i Valle radio med Bobby Bare. Han har vunne Grammy for Best Country Recording med Detroit City. Andre kjende songar er 500 Miles Away From Home og Daddy, What If.

For alle som er glad i countrymusikk er det bare å gle seg til ei stor oppleving til helga. Eg legg på lenke til artikkel i wikipedia, der kan ein og finne informasjon på andre språk. http://en.wikipedia.org/wiki/Bobby_Bare

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *