Valle radio i Wikipedia

Share

I Wikipedia er det vanleg å sjå på dei siste endringar som har vore gjort. Av og til blir det gjort tjue rettingar i minuttet, og eit dugnadsbasert leksikon må ha eit system slik at dei som arbeider på prosjektet, veit kva andre held på med.

Det er også eit system slik at du kan føre opp sider du vil halde auge med. Det kan til dømes gjelde dei sidene du sjølv har skrive eller sider du veit noko om.

I dag då eg sjekka siste endringar, såg eg at det var gjort endringar på ein artikkel som heiter Kringkasting. Endringa gjaldt Lokale radiokanaler og eg tenkte at eg måtte sjå litt på den lista. Nederst på lista fann eg Valle radio. Den stod med raud tekst, det betyr at ingen har skrive noko om dette emnet.

Wikipedia har som prinsipp at alle kan skrive om kva dei vil. Men det er jo ein føremon at ein skriv om noko ein har greie på. Akkurat dette emnet er det kanskje ikkje så mange som har betre greie på enn eg, eg har jo vore med i Valle radio frå starten. Dermed var det bare å starte skrivinga.

Det vart ein god artikkel. Den som les han, vil vite meir om Valle Radio etterpå. Eg kunne skrive meir, mellom anna om programleiarane. Men då var det vanskeleg å unngå å skrive om seg sjølv, og eg tykkjer ikkje det høver å skrive om seg sjølv i eit leksikon, det får andre gjere. Så difor står det ikkje noko om programleiarane i Wikipedia enno. Om du har lyst til å skrive noko i tillegg til det som alt står der, kan du gjere det.

Det som står på Wikipedia kan i prinisppet kopierast og skrivast her på bloggen. Men eg skriv på bokmåls-Wikipedia og bloggen er på nynorsk, så om du vil lese det, kan du heller bruke denne lenka og gå til artikkelen der http://no.wikipedia.org/wiki/Valle_Radio

Ha ein fin fredag. Harald

PS
Ikkje gløym at det er i kveld klokka 19 det er **harpekonsert i Valle kyrkje**. Den må du få med deg. «Finn deg ein femtilapp og spring…» 🙂

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *