Aktiv sommar og aktiv haust

Share

Den som las Setesdølen i dag, må få inntrykk av at det har vore mykje aktivitet i dalen no når sommaren er på hell. Der var det reportasje frå Landbruksdagane på Evje, med eit overslag som rekna 5000 til stades. Så var det resultatliste frå Setesdalskappleiken, der det tidlegare var meldt om 400 innom i løpet av helga. I bowling-turneringa på Evje, der ein deltakar fekk seg ein båt til 240.000, var det over 100 deltakarar med 735 startar. Og 125 gjekk Bispevegmarsjen, medan 1000 skreiv under på oppropet mot kraftline.

Under countryfestivalen måtte kommunelege Hanne Straume i Valle i aktivitet fordi det ikkje var lagt opp til ekstra legevakt i Bygland og til hausten skal skuleelevane i Valle i aktivitet for å støtte prosjektet til Jan Olsen med syklar til Cuba. Og til sundag kan ein kaste våte svampar på soknepresten utanfor Otrahallen i samband med aktivitetsdag i kyrkjelyden. Iveland skal halde Jaktfestival, og snart er det NM i orientering.

Ofte snakkar ein som sommaren som ei tid med lite aktivitet. Slik har det ikkje vore i år. Reiselivet fortel om eit gullår, og det er ikkje Skattejakt på Sørlandet si skuld, sjølv om den aktiviteten sikkert medverkar til dei gode resultata. Det gode veret er nok heller årsaken til at så mange har vore med på dei mange aktivitetane i Setesdal i sommar. I tillegg til det som eg har nemnt over, kjem jordbærfestival, matfestival, Tveitetunstemna og alle utstillingane. Det har vore campingliv og turistbesøk og konsertar i kyrkjer og telt.

Når dette så vart krona med dronningbesøk både i Austhei og Vesthei, og båttur med Bjoren på fjorden til slutt, så kan ein ikkje anna enn å ta hatten av for alle som har stått på og lagt til rette for all aktiviteten. Mange løna og uløna har vore i sving for å få til alt som ein må ta tak i når folk møtest og skal ha service og stell.

Og så er det skulestart med andre utfordringar og Kulturveke med andre tilbod. Rikt og interessant for den som let seg engasjere.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *