Aktivitet i Brokke

Share

Den som trudde at det var stille i Brokke om sommaren, må tru om att. I Fædrelandsvennen i dag har Johs. Bjørkeli (godt å sjå at han er tilbake etter ferien) ein stor artikkel på side 4 der han fortel om utvidinga dei held på med. Den skjer på toppen, over noverande trekk kjem det eit nytt trekk og i samband med det vert bakken utvida til 1100 meter. Og så kjem det som dei unge har sakna, bakke for hopp på brett og aktivitetar som dei meir tilårskomne ikkje vågar seg i gang med.

I samband med utbygginga av bakken må vi sjå at det alt no er nesten hundre bueiningar. Og så er det planlagt to hundre til, og om farten held seg, vil det ikkje vere så lenge før ein går mot tusentalet. I tillegg til alpinbakken vert det til vinteren 20 km langrennsløyper. Kanskje vert det gondolbane frå Rysstad om nokre år. Og lys kjem det også i den nye delen av bakken. Kveldskøyringa var populær i fjor.

Slik situasjonen er no, strevar Jan Wojtaszek med å få tak i ein teknisk sjef som er viljug til å jobbe i helgene til vinteren. Sjølv om han tilbyr fast jobb, vil ikkje folk ha ein jobb som bind dei i helgene, då vil dei sjølve dra på hytta og køyre snøscooter, trur han.

Men neste år kjem det ny bru over elva. Kven hadde trudd dette for få år sidan?

Lenke til artikkel i Fædrelandsvennen:
http://www.fvn.no/nyheter/setesdal/article391979.ece

Lenke til Brokke med mykje info:
http://www2.brokke.com/

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *