Bomstasjonen på Besteland

Share

Bommen i Valle slit med feil, stod det i Setesdølen i dag. Eg tenkjer det er mange av oss som kjører forbi bomstasjonen på Besteland som godt kunne tenkje seg at det var feil på han ofte, slik at me kunne kjøre gratis.

Men i dette tilfellet var det systemet for å få kontakt med folk om ein har problem, som ikkje fungerte, og det er verre. Eit slik automatisk innkrevjingssystem treng at folk som får problem, kan få kontakt med ein som kan rettleie folk i kva dei skal gjere i slike situasjonar.

Denne veka har det vore problematisert at ESA ikkje har vore nøgd med at ein tek inn bompengar på andre samband enn der pengane skal nyttast. Det var særleg i Rogaland dette har vore diskutert, for der har ein no betalt ned Rennfast, og så held ein fram fordi ein vil også få pengar til Finnfast. Folk som ikkje har teke turen til Finnøy nokon gong i sitt liv, synest det er meiningslaust å betale bompengar mellom Rennesøy og Stavanger for sambandet Finnøy skal få.

ESA krev nærleik. Difor er nok bommane i Setesdal komne for å bli. Dei pengane som samlast inn, skal brukast på Riksveg 9 og ikkje på Brokke-Suleskard eller Rotemo-Dalen, sjølv om begge desse vegane kunne trengje opprusting.

Her finn du litt om ESA sitt syn på bompengane:
http://www.vestnytt.no/nyhet.cfm?nyhetid=2580

Og her er Bilistenes blogg i VG om bompengar:
http://www.vgb.no/keyw.php?blog=1020&keyword=bompenger

Der kan du og lese mykje om andre tema relatert til vegar og bilkøyring.

Her er meir om temaet, men no i Vestfold
http://odin.dep.no/sd/norsk/dok/regpubl/stprp/028001-030063/hov007-bn.html

Og her er sida til bomstopp:
http://www.bomstopp.no/

Lukke til med lesinga i helga.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *