Ein observasjon

Share

Det ser ut til at gamle namn vert populære att. I dag var eg i kyrkja i Mandal, der det var barnedåp av seks born som du finn namna til nedanfor. På denne sida på Internett finn du oversikt over populariteten til namna og kva dei betyr: http://www.norskenavn.no/navn.php

**Daniel**
Namnet kjem frå det hebraiske namnet Daniyel som betyr «Gud er min domar». Namnedag er 11. desember og om lag 12.000 har dette namnet, som tok til å bli populært att på slutten av 70-talet, hadde eit høgdepunkt rundt 1990, men framleis held seg høgt. I Valle finn du Daniel Harstad i den lokale telefonkatalogen, og på Husfliden har Daniel Rike utstilling. Dei har namnedag 11. desember.

**Tristan André**
Gutenamnet Tristan er eit keltisk namn med noko usikker tyding, men kan kome frå eit keltisk ord som tyder «opprør». Om det er avleidd frå latin «tristis», tyder det trist. Det er om lag 70 personar i Noreg som heiter Tristan. Ein av dei, Tristan Dobson, vaks opp på Nomeland i Hylestad, men bur no i Oslo, der han er lærar.

Gutenamnet André tyder mandig og er ein av mange variantar av Andreas. Akkurat som Daniel finn vi namnet Andreas i Bibelen. I Noreg er det om lag 6000 som heiter André, ein av dei vaks opp på Rysstad og heiter Kim André Rysstad. Namnet har auka i popularitet etter 2. verdskrigen og nådde ein topp tidleg på 80-talet, og André har namnedag 3. juli.

**Johannes**
Dette namnet tyder «Gud er nådig» og er latin form av gresk Ioannis. Det er mange andre namn som tyder det same, mellom anna: Hans, Ivan, Jan, Jens, Jo, Johan, John, Johnny, Jon, Jonny, Hanne, Jane, Janne, Jannicke, Jeanette, Jenny, Johanna, Johanne. Min farfar hadde dette namnet og morfar heitte Hans, i Valle finn vi Johannes Bjørkeli i Leite. Namnet hadde eit høgdepunkt rundt forrige sekelskifte, men då Johs. vart fødd, var det lite i bruk. Men dette bibelske namnet med namnedag jonsok aukar att no.

**Eline**
er ein variant av Elin, som er avleidd av Helene og tyder lys, skine. Om lag 2600 personar i Noreg har dette namnet, ei av dei vaks opp i Valle, det er Siv Eline Jacob, som no bur i Stavanger. Etter at ho fekk namnet sitt i 1980 har det stige i popularitet, og rundt 2000 nådde det ein topp på 0,6% av namna det året. Andre namn med same tyding er Eli, Elin, Ella, Ellen, Ellinor, Elna, Helen, Helena, Helene, Lena, Lene, Nelly, Nora; og Eline har namnedag 31. juli.

**Isak**
var den sonen Abraham fekk då han var 100 år, etter det Bibelen fortel i 1. Mosebok. Namnet tyder latter, og vi hugsar at kona til Abraham, Sara, sat i teltet sitt og lo då ho høyrde at ho skulle få ein son i sin høge alder. Dette namnet har ikkje vore i bruk i Valle, og i Noreg er det bare om lag 1800 personar som har dette namnet. Dei fleste av desse er fødde etter 1975, dei har namnedag 19. desember, og så hugsar vi Knut Hamsun si store forteljing om Isak Sellanrå.

**Angeline Nathalie**
Angeline er eit lite brukt namn i Noreg, bare om lag 30 personar har dette namnet, som tyder «liten engel».

Nathalie er også lite brukt, men det er likevel om lag 1000 personar som heiter Nathalie i Noreg, dei fleste fødde etter 1980, og dei har namnedag 27. desember. Namnet er fransk og tyder fødsel, særleg knytt til Jesu fødsel. Av dei som har telefon, bur 35 på Sørlandet, men ingen i Setesdal.

Då eg sat i kyrkja og høyrde desse namna, tenkte eg at dei som seier at avkristninga skyt fart i Valle, ikkje kan ha studert namnetradisjonane i landet vårt. For bibelske namn er på full fart inn att. Her hadde vi Daniel, Andreas, Johannes og Isak, som alle kan finnast i Bibelen.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *