Kommentarar

Share

I dag sletta eg ein del kommentarar. Funksjonen for å skrive kommentarar på bloggen her, er god, men det er ikkje mange som brukar han. Eg har late ein del kommentarar stå, sjølv om dei ikkje følgjer intensjonen med bloggen min. Intensjonen er å skrive ting som supplerer stoff som er aktuelt for Valle radio. Difor heiter og bloggen Valle radio.

Dei fleste dagane i sommar har eg klart å få det til. Målet har vore å skrive ein artikkel dagleg, og det har eg stort sett klart. Dermed ser det ut til at talet på besøk dei fleste dagane har vore over 10, og vi har halde Valle radio varm fram mot sendingane som startar att i neste veke (tysdagssendingar) og veka etter (onsdagssendingar).

Det hadde vore hyggeleg med kommentarar frå dykk som les, men eg har altså sletta kommentarar som har vore perifere, sjølv om dei har stått lenge (siste var skriven 1. mai, trur eg). Om du har lyst å skrive ein kommentar i høve til det eg skriv på bloggen eller program du høyrer i radioen, er du velkomen til det.

Eit søk på internett viser at det ikkje er mange andre enn bloggen som skriv om Valle radio. Men bloggen dokumenterer ein stor aktivitet i lokalsamfunnet vårt. Om du set pris på den, kan du skrive ein kommentar her på bloggen.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *