Munnharpebølgen

Share

Dette er hovudtittel på ein artikkel om munnharpa av Hans-Hinrich Thedens på Norsk Folkemusikksamling, UiO. Undertittelen er **Rekonstruksjon og innovasjon i gjenopplivelsen av et tradisjonelt instrument.**

I denne 10 sider lange artikkelen går han inn på nokre element som var viktige når munnharpa fekk sin renessanse i Noreg. Her var folk i Setesdal viktige medspelarar. Han nemner Knut Gjermundson Hovet, fødd 1897, den siste munnharpesmeden i Setesdal. Vidare kjem Torleiv H. Bjørgum, Andres K. Rysstad, Knut Tveit, Mikkel Kaavenes, Bjørgulv Straume, Åni Rysstad og Folke Nesland på rekke og rad. I tillegg presenterer han namn frå andre stader i Noreg. Sjå
www.uio.no/studier/emner/hf/imv/MUS4010/v06/Munnharpebølgen.doc
Eg skreiv om dette 8. august, sjå http://tinyurl.com/glpab

I sommar var det munnharpefestival i Nederland, og 22. og 23. september samlast munnharpefolka igjen på Rysstad. Fredagskvelden er det konsert med Bjørgulv Straume og Sigurd Brokke, og i tillegg til kurs på laurdag skal dei på Munnharpe-safari i Setesdal. Jon Melhus fortel at dei fyrst tek ein tur i Hylestad, så stoppar dei ved munnharpemonumentet i Valle før turen endar i Bykle. Så dreg dei heim att til Rysstad for å avslutte festivalen. Det heile kostar 300 kroner. Du som er interessert i munnharpa, bør få det med deg. Ta kontakt med Jon Melhus om du vil vite meir.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *