Ny sesong startar neste veke

Share

Så langt eg har oversikt no, startar sendingane i Valle radio neste veke. Eg har planlagt å ha tysdagssending, noko som i alle fall Niklos har førebudd når det gjeld programmet Postludium. der vil han ha om Johannes Brahms etter det eg har fått vite.

Dei andre delene av tysdagskvelden er enno opne, så det får vi vente til måndag med å avklare.

Onsdag skal det vere kommunestyremøte i Valle klokka 18. Vi får prøve å få det på lufta og. Her er lenke til Valle kommune:
http://www.valle.kommune.no/
Etter det eg les i Setesdølen skal Kjell Pedersen-Rise orientere om Det digitale distriktsagder og Arne Tronsen om Prosjekt konkurrerande fiber og varig avstandsuavhengig prising av breibandstenester i Setesdal. I tillegg vert det ulike saker til handsaming, mellom anna Utbygging av Åsan II inkludert høgdebasseng til Rysstad vassverk og ei sak om Setesdal Regionråd etter 1. juli 2006.

Første veka i september skal vi etter planen starte med ordinære sendingar. Sjå på heimesida til radioen, www.valleradio.com for å få vite meir etter kvart som programmet for hausten blir klart.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *