Skattar i Valle 5 – Harald Lund sine måleri

Share

Harald Lund var fødd i 1908 og døydde i 1993. Han var kunstmålaren som måla bilete frå Valle. Eg leita fram festskriftet i høve 80-årsdagen 27. november 1988 og bladde litt i det her om dagen. Av og til slår det meg at ein går midt mellom skattane i Valle og gløymer å sjå på dei.

Eg skreiv om altertavla i Valle kyrkje, korleis den har sitt opphav i Italia på slutten av 1500-talet. Harald Lund sine bilete er originale, og religiøse motiv er ikkje uvanlege i hans produksjon om ein ser på alt han måla. Sjølv tok han bare vare på to av desse bileta frå 30-talet, Adam og Eva frå 1934 og Bergpreika frå same året.

Men mest er det livet i Setesdal han skildrar. Folk, natur og hestar høyrer med i bileta han laga. Dei er mørke i tonen, spesielle, vil mange seie. Dei har likevel ein dåm som engasjerer og skaper ettertanke.

Mange av bileta til Harald Lund heng i kommunestyresalen i Valle. Ta turen innom i kontortida. Om den ikkje er oppteken, kan du gå rundt i romet og studere skattane i denne samlinga. Det er ikkje bortkasta tid. Truleg kan du også kjøpe festskriftet. Det er ikkje bortkasta pengar. Tvert imot, etter eit slikt besøk er du rikare enn du var før. Og du har ei djupare forståing av bygda vår.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *