Skattar i Valle 7 – Søstrene

Share

Det er ikkje mange skulpturar i Valle, men ein stod lenge utanfor kommunehuset. Etter kvart grodde han ned i dei buskfurene som var der, så då dei endra planteplanen framom kommunehuset, vart han flytt ned bakken og over gata og sett opp att utanfor det som då var posthus. Så vart Posten flytt til butikken, og då stod skulpturen eigentleg litt ute av vegen, noko som ikkje er naturleg for ein skulptur. No lurer dei på å flytte han til leikeplassen nordom Husfliden, så kan folk sjå han når dei køyrer opp mot Valle sentrum.

Skulpturen heiter Søstrene og er laga av bilethoggaren Dyre Vaa. Han levde frå 1903 til 1980, og på heimesida til Vest-Telemark Museum står det:

Ved sida av Gustav Vigeland er Dyre Vaa den bilethoggaren som i sterkast grad har prega norsk skulpturmiljø. Ingen annan bilethoggar har vunne så mange tevlingar som han.

Han debuterte på haustutstillinga allereie som 20-åring, og vart då kjøpt inn til nasjonalgalleriet.

«Mennesket møter naturen» er tittelen på fire store figurar på Ankerbrua i Oslo. Det var medan han arbeidde med desse på 1930-talet at han flytte til Rauland, og der vart han buande resten av livet.

Andre kjende arbeid er «Ulvane» på Alexander Kiellands plass i Oslo. «Sjømannsmonumentet» i Bergen, «Holberg-monumentet» ved Nathionalteatret og «Svanene ved Oslo Rådhus.
http://vest-telemark.museum.no/article/archive/33/

Dyre Vaa var gift med Tora, og ho gav leireoriginalen Søstrene til Valle kommune og Myllarguten til Bykle. Ånund K. Homme, som då var kulturleiar i kommunen fekk lov å støype skulpturen i bronse, og saman med vaktmeister Hallvard Åkre drog han til Rauland for å hente originalen. Han fortel at den var så tung at bilen bulka nedover og han fekk ikkje att dørene bak, men måtte binde dei saman med tau då dei frakta formene til støyperiet i Oslo.

Verket kom på 140.000 kroner, og dei streva litt før dei fann ein plass til Søstrene, så den fyrste tida i Valle stod skulpturen på lager. Når han no er på flyttefot att, så synest eg at Sentrumsforeninga skulle prøve å finne ein plass til skulpturen i sentrum no etter at det er rusta opp. Til dømes er det fint utanfor biblioteket, men truleg kunne det og vere plass mellom Valle blomar og gåver og Frikyrkja. Ein skulptur er laga for å stå i nærleiken av der folk ferdast, og ikkje bare til å kjøre forbi, det er no mi meining.

Tora Vaa, som var gift med Dyre, var dotter til Johan Bojer. Då kunne det høve å lese Den siste viking eller ei anna av dei mange bøkene Bojer skreiv. Dei er ikkje frå Setesdal, men frå Namdal, med utsynet både til hav og dal. Lisbeth har dei på biblioteket.

Her er ei side om Dyre Vaa:
http://www.krus.com/kunst/kunstbild/vaa.html

Sjå litt ekstra på Søstrene neste gong du er i nærleiken.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *