Tabbe nr. 2

Share

Sesongen for meg og Valle radio har, som eg skreiv i går, starta med ein tabbe. I dag kjem tabbe nr. 2. Det gjaldt sendinga onsdag, då det var kommunestyremøte. Eg hadde sagt at eg kunne styre sendinga om det var ein annan som kopla opp. Dermed kom Torhild og kopla opp, og så reiste ho heim att. Eg hadde gått heim for å sove middag og lovnaden min var borte frå både medvit og undermedvit, så eg vakna ikkje før nærare halv åtte, og kommunestyremøtet starta klokka seks.

Det varte til halv ti, og i heile den tida gjekk musikken som Torhild hadde sett på. Ikkje noko av kommunestyremøtet kom på lufta denne siste onsdagen i august. Eg bed alle potensielle lyttarar om orsaking og vonar resten av sesongen går betre.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *