To artiklar i kveld: Planen klar

Share

Ettersom eg ikkje skreiv i går kveld, får eg heller skrive to artiklar i kveld. Då kan eg jo nemne at eg er blitt vald til hovudtillitsvald for lærarane i Valle. Eg har vore med på slikt arbeid før, men no hadde eg trudd eg ikkje skulle drive med dette, eg hadde tenkt at eg skulle konsentrere meg om Valle radio. I staden startar hausten med ei rekke møter i høve til lokale tingingar. Det første møtet var torsdag, på det møtet var det første gongen dei tillitsvalde i det som vi kallar Felles Forum møtte den nye rådmannen i Valle. Arne Tronsen har vore ein hyppig gjest i Valle radio i den tida han var leiar for Setesdal Regionråd http://www.setesdal.no/ og han har lova å stille opp i radioen også i den nye rolla når han har høve til det.

Den nye lista over sendingar er no lagt ut på heimesida til radioen, http://www.valleradio.com/sendinga.htm der kan du finne informasjon om kven som er ansvarleg for sendingane, teknikar og telefonvakt. Så er det bare å bu seg best mogleg til ein ny haust med Valle radio.

Statistikk for august

Share

August månad gav ny rekord med 465 besøkjarar, det blir 15 dagleg. Bare mai 2006 hadde over 400 gjester tidlegare. Takk til alle som var innom. Talet på sidevisningar vart 1715, det er det tredje høgaste talet eg har hatt sidan eg starta.

No startar sendingane att komande veke, så eg får prøve å følgje opp det gode resultatet med gode og varierte innspel på bloggen. Takk til alle som les det eg skriv.