Klatring i Setesdal

Share

Eg skreiv om boka 18. og 20. august, og onsdag hadde eg ein prat med Frode Buen, turistsjef i Valle kommune, om den. Han fortalde at Hans Weninger, som har skrive boka, er ein pensjonert lærar som i 25 år har klatra i Setesdal. Gjennom desse åra har han dokumentert over hundre klatreruter. For mange av dei har han sett opp boltar på eigen kostnad.

Frode fortalde at Hans forlet Valle i slutten av august for å reise heim til Tyskland, deretter skulle han bruke eitt år saman med familien på klatring rundt i verda før han kom tilbake til Valle.

I timen mellom 20 og 21 hadde eg også ein prat med Bjørgulv T. Berg som kunne fortelje at eit par av dei som har kjøpt hyttetomter i Brokke, er ivrige klatrarar, og at Brokke arbeider for å inkludere klatring i sommartilbodet dei kan gje. Klatring på Løefjødd er spesielt flott, for veggen der har utfordringar frå det lettaste til det vanskelegaste på same veggen. Dermed kan heile familien ha utfordringar same staden.

Valle kommune har ytt stønad til boka, sjå
http://www.valle.kommune.no/vak/saksdok/1313050.html

Heimesida til Hans heiter Klettern in Norwegen og tek utgangspunkt i Valle. http://www.kletterninnorwegen.de/ Her finn du og eit flott bilete frå Faråne i flaum på startsida.

Mange meiner at dei som klatrar her, ikkje legg att noko pengar i Valle. Det var Frode ikkje enig i. Før kunne det nok vere at folk som klatra, la seg i ei steinrøys, men han visste at folk hadde lege på Flateland det meste av sommaren for å klatre. Å få folk til å stoppe er viktig, og sjølv om det ikkje er så mange enno som ligg i fleire veker, kan dette bli utvikla meir.

Før klatra folk mykje i Nomelandsveggen, og då var det lett å sjå og fylgje med frå Valle sentrum. No klatrar dei andre stader i kommunen, sjølv om vi ikkje ser dei, har det vore mange klatrarar i Valle i sommar.