Cuba-prosjektet

Share

I kveld var Jan Olsen i studio saman med rektor Leif Kvinlog. Jan er av typen som du stappar på 50 øre og så fortel han så ivrig og engasjert som bare han kan vere.

Leif fortalde at idéen om prosjektet kom opp då lærarane i vår diskuterte om dei kunne finne noko som **alle** elevane kunne vere med på. Dei følte at prosjektet Syklar til Cuba var nært og at mange elevar alt hadde eit tilhøve til det, ettersom nokre av elevane sine syklar alt var på Cuba. Difor inviterte dei Jan til å kome og fortelje, og i kveld skal han vere med på eit storforeldremøte på skulen.

Første veka i oktober er aksjonsveke på skulen. Då kan syklar og andre ting som folk leverer, gjerast klare og pakkast for å bli sendt til Cuba. Men dei treng pengar for å få sendt dei to containarane, så parallellt med innsamlinga av ting, må det og samlast inn pengar.

To lærarar vil dra nedover fyrst i desember for å sjå til at gåvene kjem fram. Det er Sigrunn Askland og Annbjørg Lindland Uppstad. Dei har og lese spansk på førehand.

Heimesida til Jan er http://home.no.net/jaol2/ Der kan du lese meir om Syklar til Cuba. Gled deg.

Hasla

Share

Eg laga dette intervjuet til nyhetstimen onsdag 13. september:

-Ørnulf Hasla, eg høyrer at det skal bli ei ny satsing i USA?
-Ny og ny, fru Blom, det er å trekke det litt langt, men vi skal ha ei sterk vidareføring av noverande kontaktar, det er rett. ¨
-Skulle ikkje du vere der borte ein heil månad?
-Det vert vel tre veker.
-Du skal vel ikkje bare syngje country med Bjøro Håland på Norsk Høstfest? http://www.hostfest.com/
-Nei, første delen av reisa i år går til Epcot-senteret i Florida. (Sjå http://tinyurl.com/kg5ux for å finne den Norske paviljongen). Vi har handla med Epcot sidan 1988, vi er det einaste firmaet att i Noreg som har hatt ein kontinuerleg tradisjon så lenge. Dei har vore nede og vore små, men er no ein av våre største kundar. I år har det verkeleg teke av, dei skal ha ei ny avdeling i butikken, og vi skal ned og hjelpe dei med å setje i gang dette. Det er jo veldig hyggeleg å verte ringt etter her i Valle med spørsmål om å kome omtrent heilt til andre sida av kloden.

**Nye kolleksjonar**
-Tyder det at det er den nye kolleksjonen som går så godt?
-Vi lanserer jo nye kolleksjonar eit par gonger i året. Det er den kolleksjonen vi lanserte for eit år sidan som dei tek opp no, og det er artig at når det begynner å gå litt nedover her heime, så kjem dei opp og vil ha meir. For oss er det eit godt supplement, dei hjelper oss å tøme lageret. Ein eitt år gamal kolleksjon er jo ikkje for gamal. No tek dei og meir moderne ting, ikkje bare tradisjonelle, og det set vi stor pris på.
-Har du eksterne designarar?
-Ein del gjer me sjølv, men vi har og to designarar utanfor huset. Den som skal lanserast i januar, har eksterne designarar, den forrige var frå designarar på huset.

**Særpreg**
-Men ingen amerikanske designarar?
-Nei, nei, vi vil halde på særpreget vårt. Vi er opptekne av det, vi skulle ønske at vi kunne kome så langt at folk sa: «Det er eit typisk Hasla-smykke», det hadde vore flott. Vi vil gjerne at kundar skal kjenne att den røde tråden i kolleksjonane våre.
-Den nye logoen gav ein jobbing med identitet.
-Ja, og det gjer deg medviten om kva logo og det som er rundt eit firma i dag. Det har gjort oss medvitne om å merkevarebygge namnet. Nyleg hadde vi ein telefon frå næringskonsulenten i Nordland fylke som hadde høyrt om satsinga vår i ein liten innlandskommune og gjerne ville ha oss til å kome og fortelje om det.

**Radio**
-Det er grunnen til at du ikkje kan ha radio på ei stund
-Det er det, eg er veldig glad i radio, som er den einaste fritidsaktiviteten eg har i Valle. Men no måtte eg seie ifrå at i september, oktober og delvis ut i november kan eg ikkje ha radio. Men når eg er ferdig med reisa, må vi prøve å få det til att.
-Lukke til!
-Takk for det, sa Ørnulf Hasla til Harald Haugland

http://www.hasla.no/hoved.html er lenka for å finne ut meir om firmaet.

Cuba-prosjektet i Kommunen informerer

Share

I kveld er det Cuba-kveld på Valle skule. Den startar klokka 20 i Storstoga. Frå klokka 19 kan du høyre Jan Olsen, Cuba-entusiasten her i Setesdal, og rektor Leif Kvinlog i Valle radio i ein halvtime der dei snakkar saman om arbeidet han driv på med på Cuba. I haust får han drahjelp av elevane på Valle skule i arbeidet sitt. Dei har innsamlinga til Cuba som spesialprosjekt. Kanskje har dei med cuba-musikk og.

Skulen har og sett i gang kronerulling til Cuba-prosjektet sitt. Du kan og betale inn pengar til dette, det gjer du til konto 2890.12.12343 i Valle sparebank. I kronerullinga er det slik at folk betalar inn pengar og utfordrar andre til å gjere det same.

Skru på Valle radio i kveld og høyr meir om dette.