Hallvard Kjelleberg si gravferd

Share

I dag var det gravferd klokka 13 for Hallvard Kjelleberg. Kyrkja vart etter kvart stuvande full, så full at mange måtte stå under samlinga. Frå 12.30 spelte Asbjørn Renberg melodiar vi kjende att frå Hallvard sitt musikalske repertoar på pianoet.

Sokneprest Theis Salvesen hadde med seg prostidiakon Per Emmanuelsen til å forretta. Etter eit preludium med orgel og saksofon song Rolf Erik Homme Amazing Grace og Eg ser før kyrkjelyden opna med Deilig er jorden. Deretter heldt Theis eit personleg minneord og fortalde frå sitt nære vennskap med Hallvard. Deretter las Per Emmanuelsen helsingar frå sløyfer og kort.

Medarbeidarane i Valle radio bad meg om å bere fram eit lite minneord i kyrkja. Då blomehelsinga frå radioen kom, hadde eg denne helsinga:

Eg gjekk i radioen i dag for å sjå i gjesteboka. Vi opna i det nye studioet 4. september 1999. 7 år har vi vore der, før det var vi på gamle kommunehuset i 2 år. I 9 år var Hallvard primus motor for å drive dette. I tillegg hadde han vore leiar av komiteen som la planane for å kome i gang med Valle radio. Om ein reknar tre års førearbeid, kan vi seie at han var engasjert av spørsmål knytt til Valle radio i tolv år.

Hallvard sitt engasjement var stort. Han organiserte og gav oppdrag, løyste problem når noko kom opp. Han fungerte som olje i radiomaskineriet. Sjølv var han mannen for dei store høva: Påskesendingane, innsamlingsaksjonane. Lang tids planlegging, gjerne med spesielle tekniske løysingar. Han hadde sett seg inn i alt saman, visste kva det handla om. Når vi programleiarane stakk innom på Motellet for å få inspirasjon og råd, hadde han ei kjelde å ause av som aldri traut. Idear til program, stoff om nytt i bygda, løysing på tekniske spørsmål, alt fann han ut av.

Då me opna i nytt studio, skreiv Ellen Lien eit dikt:

Ingen av oss veit vel kor mange timar som gjekk
før allting var ferdig og flytte de fekk.
Det er nettopp slik ei dugnadsånd me treng,
ja, her var det ein flott arbeidsgjeng.

Dette kunne seiast om Hallvard sitt store engasjement. Sendingar frå Åraksøyne og andre scooterarrangement, Amerikatur, plateproduksjon, små og store element i veven som vart Valle radio, han var inspirasjonskjelde og pådrivar som ingen andre.

Så er han ikkje meir. Aldri meir skal vi høyre røysta hans når vi ringer Valle motell. Og likevel, inspirasjonen han gav oss vil vere ei kjelde til å halde fram, til beste for bygda og folk som bur her eller kjem innom. Vi lyser fred over minnet til Hallvard Kjelleberg.

Jon Kjelleberg la ned ei helsing frå Nordibø jaktlag før Theis heldt talen. Etter talen song vi Kjærlighet fra Gud før kista vart boren ut av kyrkja. Kyrkjeklokka klemta i nærare eit kvarter før alle var komne ut. Ved grava nytta vi salma Fager kveldssol smiler. Theis kasta dei tre skuffene med jord på kista og las bibelorda om oppstode, lyste velsigninga og inviterte til minnesamver på Valle Motell.

Der var det duka til 300 gjester, og det vart heilt fullt. Hallvard Homme ynskte velkomen til eit minnesamver som hadde innslag frå Valle Radios bylgjeband med helsing frå Åsmund Åmli og Jørund Georg Jore, Sigurd Haugsgjerd og Nils Bjelland. Tradisjonell servering med suppe og lefse, kaffe og kake var av beste merke, servert effektivt av Hallvard sine vener.

Av og til når vi i triveleg lag på Motellet skulle ha mat, kunne Hallvard stemme opp frå Blix-salma Himmelske Fader som bordvers:

Ramn-ungar ropar, og du gjev dei mette.
Hungrande hopar til ditt bord vert sette:
alt gjev du føda, signar landsens grøda,
sender oss solskin og regn.

Det verset er ikkje med i Norsk Salmebok lenger, men eg hadde skrive det ned slik at om vi skulle syngje det, kunne forsongaren hugse det. Det vart ikkje som når Hallvard stemde opp, kvar stove på motellet song sin variant, men det gjorde nytta.

Til slutt takka Hallvard Homme på vegne av familien for at så mange hadde kome til gravferda og for at så mange fekk vere med. Så lyste Theis velsigninga og dei mange tok på heimveg att.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *