Haustlista til Setesdalsforlaget

Share

Du finn haustlista på www.setesdalsforlaget.com

I haust kjem forlaget med lærebøker for lese- og skrivevanskar av Jarle Elvemo. Han har skrive **Familien Kra i Kråkeland** og **Spenning for barn i alle aldre**. Dette er lettlesbøker som kan høve godt i ulike samanhengar. Trivelege forteljingar. Gunnar Guttormsen kjem med ei ny bok, meir pedagogisk, som han har kalla Kunnskapsløftet. Gunnar var skulesjef i Valle før han vart pensjonist, mange i Valle hugsar han, og truleg vil nokre ta telefonen til Ånund K. Homme og bestille boka.

Mest interessant, sett med lokale augo, er det at Gunhild Espetveit har samla stubbane ho har skrive i Setesdølen under vignetten **Diakoni i Setesdal**. Det er flott å få dei i ei slik samling, ho har gjeve mykje gjennom desse artiklane. Men forlaget gjev og ut Kristian Stubseid si bok **Frå granden**. Det er ei ny og revidert utgåve som kjem her.

Takk til Ånund K. for inspirerande aktivitet langt opp i pensjonsalderen.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *