Til ettertanke på sauesjådagen

Share

Som dei fleste på sauesjådagen var eg innom Menighetshuset for å få suppe og eplekake (potet) på Bygdekvinnelaget sin basar. Der kom eg i prat med Torjus Uppstad og Ellen Svalheim. Ho fortalde om eit prosjekt ho har arbeidd med om beiting og attgroing. Det vart ein interessant prat. Her er lenke til nokre lysbilete ho har laga for eit foredrag om emnet: http://tinyurl.com/zmx3k

Ellen Svalheim er frilansar-biolog men jobbar ein del for fylkesmannen. Ho har halde foredraget **Bevisst beitebruk for bedre kjøttproduksjon og landskapsskjøtsel** der ho trekkjer erfaringar frå ulike undersøkingar som er gjort i Aust-Agder, mellom anna i Valle. Ho fortel at over 20.000 sauer vart sleppte i utmarka om våren. Men ho har og funne ut at sein sanking resulterer i lågare slaktevekt for lamma, for næringsinnhaldet i graset minkar utover året. Konklusjonen på undersøkingane er at om ein tek sauene heim tidlegare og let dei beite i nære utmarksområde, så vil dei vere med å halde tilgroinga i sjakk. For å få det til må ein ha samarbeidsavtalar og beiteplanar for nære utmarksområde. Då kan ein og ta vare på eit variert artsmangfald i kulturlandskapet.

Det vart ein svært interessant prat over sviskegraut og suppe denne laurdagen. Takk til Ellen og Torjus som gav meg innsyn i dette. No får du det og! Bruk det til beste for landskap og kulturlandskap du forvaltar.