Søterot (Gentiana purpurea)

Share

Visste du at søterot var kommuneblom i Bykle? Det gjorde ikkje eg før eg søkte på nettet i dag i samband med at eg ville finne ut litt om denne blomen. Det var ein artikkel på wikipedia, men eg utvida han ein del og fekk med at det var kommuneblom i Bykle. Sjå
http://no.wikipedia.org/wiki/S%C3%B8terot
http://no.wikipedia.org/wiki/Bykle

Samtalen eg hadde på laurdag i Menighetshuset i Valle med Torjus Uppstad og Ellen Svalheim sende meg og på jakt etter to andre planter. Ho hadde dei med i lysbileta eg hadde lenke til i innlegget på bloggen i går: smyle og blåtopp. Men dei må eg kome tilbake til seinare, for dei hadde ikkje nokon artikkel i wikipedia enno.

Etter den praten har eg tenkt at eg bør gjere noko i radioen om dette. Eg vonar å få med ein samtalepartnar som er interessert i botanikk, så vert det nok noko å snakke om, skulle eg tru. Etter kvart skal eg nok finne meir stoff om det på nettet.