Å gjere andre gode

Share

**Du blir god ved å gjere dei andre gode** er eit uttrykk for filosofien til trenarlegenda Nils Arne Eggen. Det har ført til at ein har starta å undersøke korleis dei realiserer dette i Rosenborg, som jo var fotballaget han trente. Sjå meir om dette i wikipedia: http://tinyurl.com/yk722x

Etter kvart som eg har tenkt på dette, har det gått opp for meg at dersom ein kunne ha dette perspektivet i ein del situasjonar, ville ein kunne unngå mange problem. Det er naturleg for ein lærar å tenkje slik, dersom han kan hjelpe elevane til å bli gode, vil omdømmet til læraren bli at han er god.

Men det gjeld i mange andre samanhengar og. Dersom ein i Valle kommune kan hjelpe medarbeidarane til å bli gode, vil også leiarane oppfattast som gode. Dette gjeld frå toppen og nedover.

Dermed gjeld det og i Valle radio. Dersom ein kan hjelpe kvarandre til å bli gode, vil den einskilde bli sett på som god. Spennande tankar ein mørk oktoberkveld.