Ordtøke på rim – kåseri 24. oktober 2006

Share

Norvald Losnegard er ein forfattar som du truleg ikkje visste om. Han er fødd i 1927 på Stord og er altså tett opp mot 80 år. I 1954 var han utdanna sivilingeniør i kjemi, og etter eit par år som stipendiat ved Institutt for teknisk biokjemi på NTH i Trondheim, fann han vegen attende til Vestlandet. Fyst var han fem år ved Haukeland sjukehus. Frå 1962 var han ved Fiskeridirektoratet i Bergen, og der vart han verande i 30 år, dei siste 17 som sjef for laboratoriet. Han har stått for ganske mange undersøkingar i den samanhengen.

* 1. Losnegard, Norvald – Den kvisten er best som bøyer seg og ikkje brest cop. 2003
* 2. Losnegard, Norvald – Primstaven cop. 1999
* 3. Losnegard, Norvald – Hygienisk standard og kvalitet på frosne fiskeprodukter 1992
* 4. Losnegard, Norvald – Oppdrettstorsk, kvalitet og anvendelse 1987 og 1986
* 5. Losnegard, Norvald – Undersøkelser over tørrfisk 1979
* 6. Losnegard, Norvald – Undersøkelse av ekstraksjonsmidler for bestemmelse av fett 1979

Sjølv om du ikkje visste om Losnegard, har du truleg nytt godt av arbeidet hans, for det gjeld dei fleste former for fiskekvalitet.

Som pensjonist har han gjeve ut Primstaven, ei bok der han samla stoff om gamle merkedagar.. 1. boka kom i 1999, no er ho komen i ei utvida utgåve frå 2006.

Meir interessant er boka om gamle ordtøke. Han har samla 2800 ordtøke og sett dei om til små vers med enderim. Det er blitt ei bok på over 200 sider på Setesdalsforlaget. Begge bøkene kan du kjøpe på Husfliden i Valle, ta gjerne turen innom og skaff deg noko interessant lesestoff.

Det er mange ordtøke å dele med dykk frå denne boka:

Kunst kan ikkje, men tonar kan nå
Inn i den mørkaste krå.

Difor kjem det nokre tonar her no i kveld. Velkommen til Valle radio tysdag 24. oktober 2006.

Før kåseriet spelte eg frå plata **Judith** Sommer i all evighet **Barnetro**, og etterpå var det tonane frå **Der roser aldri dør** som smaug seg inn i den mørkaste krå.

Ingen gjest i studio i kveld

Share

Eg fekk ein telefon i ettermiddag frå Konrad Byklum. Han var lei for at han ikkje rakk å kome til Valle radio i kveld og vere med i programmet om FN. Det var så mykje å gjere på jobben at han kom til å måtte arbeide overtid i kveld også, og dermed ville han ikkje rekke å vere med. Men han lova å vere med om vi kom tilbake tidlegare i høve eit anna program seinare.

Slik går det nokre gonger. Vi får prøve å finne ein annan vinkel i kveldens program.