346 artiklar

Share

Til no i år har eg skrive 346 artiklar på bloggen. Om fem dagar er det eitt år sidan eg starta skrivinga. Det er blitt ganske mange tastetrykk gjennom det året. Mange tema har eg vore innom, likevel er det bare ei lita avspegling av alle dei emna Valle radio har teke opp i løpet av året. Det er ikkje mogleg å få med seg alt når ein bare skriv på dugnad, truleg hadde det ikkje vore mogleg om ein hadde det som heiltidsjobb heller.

Likevel lurer eg på om eg klarar å skrive fire artiklar kvar dag dei dagane som er att til vi rundar 1. november. Om eg klarar det, vil eg ha skrive i gjennomsnitt ein artikkel kvar dag heile dette året. Vonleg har det vore til glede for lesarane, som har auka i tal no etter kvart. Det er nesten 30 innom kvar dag, og mange dagar i oktober har eg hatt over 100 sidevisningar. Det er no totalt nesten 26 000 sidevisningar på bloggen min, det er eg ikkje misnøgd med.

Alt i alt meiner eg at bloggen har vore eit godt supplement til programma i radioen. Noko av det vi har sendt, har vi kunna fange og få ned på trykk i staden for at det bare skal leggjast ut i eteren og vere til glede for folk der og då. Anna har vore tankar som har kome i samband med programma.

Når eg søkjer med Google og har med Valle i søkeordet, vil det ofte kome tilslag frå sider på bloggen min, for det er mange emne som har vorte med på bloggen. Eg kunne jo likevel ha ynskt at det hadde kome nokre kommentarar til det eg skriv, i alle fall av og til. Men eg skriv uansett. Takk for at du les.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *