Aktuell time og Kommuninfo onsdag 18. oktober

Share

Det var Theis Salvesen som hadde timen, og med seg i studio hadde han Tarald Myrum, som er leiar i Valle IL. Til innleiing snakka dei om Fylkestinget. Tarald var nett komen frå eit førebuande møte, sjølve plenumssamlinga skal vere neste veke. Skulesaker engasjerer, og det er ein del andre viktige saker som også engasjerer, men Theis meinte at fylkestinget er kome i ei bakevje, og Tarald kunne forstå at han meinte det.

Deretter snakka dei om planane om kunstgrasbane i Valle, det er planar som er 5-6 år gamle, og no er det på tide å ta dei fram att. Idrottslaget har også andre tankar og idear, mellom anna arbeider dei for å få til eit samarbeid med Valle kommune om ei løna stilling for å drive ein del av det administrative arbeidet for idrottslaget sitt arbeid med fysisk fostring i kommunen. Fysak har vore eit engasjement i 20% for Øyvind Jacob, når han går ut av det, kan Valle IL føre det vidare.

Så kom Per Emanuelsen innom for å fortelje om kveldens arrangement i kommunestyresalen. Der skulle han snakke om «Å fange solstråler». Det var eit samarbeidsarrangement mellom Diakoniutvalet og Helselaget, og det kom til å bli god servering, lova han.

I ein telefonsamtale med Maranne Fedde Lilland, som er reiselivssjef på Hovden, handla det om å utdanne seg for å bu seg til styreverv no når det skal vere 40% kvinner i styra.

Til slutt hadde dei ein telefon til Jan Olsen der dei snakka om «Syklar til Cuba» og den store responsen det hadde vore på prosjektet i Valle. No vert det tre containarar og han reknar med å ha sendt 3000 syklar til Cuba på dei sju åra han har halde på.

Til **Kommunen informerer** kom driftssjef Ingvar Nes. Han hadde med seg mykje informasjon om kulturaktivitetar i tida framover, men og om eit møte som skal vere neste tysdag i kommunestyresalen om tilhøva på Furestøyl til vinteren.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *