Eit program veks fram

Share

Idear til program i Valle radio kan kome frå mange stader. Sundag sat eg og såg på kalenderen og fann ut at tysdag er det 24. oktober. FN-dagen er klaffen som fell ned på den dagen, og så tenkte eg at det kunne vore interessant å lage eit program om FN i Valle radio.

Det er alltid meir interessant å ha ein samtalepartnar når ein vil ta opp eit emne. Difor tok eg til å tenkje på kven som kunne vere aktuell til det, og fann ut at dersom det var nokon frå Valle som hadde vore med i FN sin fredsbevarande styrke, kunne det ha vore interessant å få ein av dei i studio.

Etter kvart fann eg ut at Einar Tveit og Alfred Rysstad hadde vore med der, men Einar var i Hellas no, klatringa kan føre til mange stader i verda. Eg ringa difor til Alfred. Han var ikkje særleg mota på å snakke i radio, så han viste meg vidare til Konrad Byklum. Eg hadde ein triveleg prat med han, og han fortalde at han hadde 27 månader med slik teneste. Han visste ikkje korleis det låg an før han fekk snakke litt, men skulle ringe meg når han visste meir.

Han spurde om eg ville sende han noko om kva eg ville snakke om, og då gjekk eg på wikipedia og fann nokre lenker. Her er brevet eg sende han:

Hei, og takk for praten i telefonen i kveld

Eg gjekk på wikipedia og fann litt om Bosnia og FN
http://no.wikipedia.org/wiki/NORLOGBAT
http://no.wikipedia.org/wiki/UNPROFOR
http://no.wikipedia.org/wiki/FNs_fredsbevarende_styrker

Det hadde vore nyttig om du hadde sendt meg namna der du var, både stader og FN-namn, så kunne eg finne litt å førebu meg på.

Eg vonar det lukkast for deg å kome, og om du har noko musikk du vil spele i programmet, må du bare ta med CD-plate.

Sjå på bloggen min for meir info http://valleradio.blogs.no/

Harald

Slik veks eit program fram. No vonar eg at det lukkast for han å få kome til Valle i morgon kveld klokka 19.30. Eg har kalla programmet FN-dagen. Det er ein open tittel, og om Konrad kjem, blir programmet etter dei linjene eg har skissert. Om han ikkje kjem, må eg finne ein annan innfallsvinkel til stoffet. Då blir det truleg utan gjest i studio. Skru på radioen i morgon og fylg med, så får du vite korleis det går.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *