Sauesjådagen 2006 og Nyhetstimen kvelden før

Share

Dette vart ein fin dag, sjølv om veret ikkje var strålande, så var det høveleg. Det var mykje folk i sentrum og handelen gjekk strålande frå både boder og butikkar.

Basaren i Menighetshuset nytta både storsalen oppe og matsalen nede, likevel var det fullt båe stader i lange periodar. Likevel var det svært høveleg å gjere det på denne måten, for då vart det mindre stress og køståing når folk ville inn og ha seg mat. Serveringa av suppe, eplekake, lefse, sviskegraut, vaflar og kaffe gjekk unna.

I nyhetstimen fredag kveld hadde eg ein prat med **Hans Petter Andersen**, Joker Valle om sauesjået og handelen i høve dagen. Deretter kom **Annbjørg Lindland Uppstad** og fortalde om Cuba-kvelden på skulen og prosjektet dei har for å samle inn syklar. 130 syklar trudde ho dei hadde fått inn, og Jan Olsen måtte auke frå to til tre kontainarar for å få med alt som er samla inn av elevane på Valle skule.

Deretter hadde eg eit intervju med **Linda Eide** frå NRK TV som har vore i Valle nokre dagar for å lage stoff til eit program som skal kome om eit år. Til slutt snakka eg på telefonen med **Theis Salvesen** om konfirmantarrangementet som var på Evje denne fredagen og der konfirmantar frå heile Setesdal deltok.

I halvtimen med programmet **Kommunen informerer** var Tarald Flateland med. Han fortalde om forseinking med framføring av vassleidning til Hovet og Bjørgum på grunn av arkeologiske funn. Det same er årsaka til at ein kanskje ikkje vert ferdig med vassleidning til Hylestad skule og barnehage og til byggefeltet nær Sylvartun. Funn ein har gjort gjer at ein kan spore busetnad tilbake 2500 år.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *