Sendinga onsdag 11. oktober

Share

**Dette skreiv eg i går kveld, men fekk ikkje lagt det inn på bloggen, då eg ikkje fekk kontakt med Internett frå maskinen:**

Det var Bjørgulv T. Berg som hadde ansvaret for kveldens sending i Valle radio. Diverre var det ikkje råd å få høyre på den over internett for meg i kveld. Eg vonar andre fekk forbindelse, eg prøvde fleire gonger utan å lukkast.

Difor sende eg eit spørsmål til Torjus Uppstad om han visste kva som hadde vore oppe i sendinga. Som vanleg kom det svar omgåande. Eg fekk ein epost frå han i kveld, der han skriv:

Han tala med **Lene Dyrkorn** (folkehøgskulen, tilskiping 28. oktober), **Olav Skinnarland** (Speidarane Bykle), **Jørgen Høgetveit** («Galskapen» i Setesdølen), **Anette Bjørgum** (kommunen informerer) og **Pål Dale** (direkte ordførarval, eigedomsskatt, torgsal av eigne epler (poteter)). Bjørgulvs time høyrde eg ikkje.

Til vanleg likar eg å sjå om det er råd å finne lenker til noko av stoffet som vi tek opp i Valle radio. Litt fann eg i kveld og:
*Lene Dyrkorn http://www.trialavisa.no/lene_dyrkorn_prosjektleder.htm
*Byklespeidarane
www.bykle.kommune.no/dynamisk/byklaren/Byklaren%20januara4.pdf

Det får vere nok for i kveld

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *