Stengelen

Share

**Kåseri i Valle radio tysdag 3. oktober 2006**

Vi ser korleis naturen førebur seg på vinter. Trea gulnar, blomane visnar og sjølv om graset på grunn av den mildaste september på nærare 150 år enno må slåast, så nærmar vinteren seg. Enkelte år tidlegare har vi fått førevarsel om vinter på denne tid. Og snart må vi finne fram vinterdekka og bu oss på glatt føre. Sjølv har eg opplevd at vinteren har kome før eg har fått skodd om til vinter, og det er ikkje ei god kjensle. Men enno er det bare haust.

Wikipedia er eit internettleksikonet som alle kan redigere. Det har 77.000 artiklar og kvar veke får det fleire hundre nye. Adressa er her: http://no.wikipedia.org/wiki/Hovedside
Ein dag fann eg eit spørsmål på spørjesida til leksikonet: «Kva er det som gjer at stengelen kan halde seg oppe?» Eg hadde ikkje tenkt så mykje på det før, men trur eg hugsar noko frå naturfagtimane om celler som strekkjer seg. Så søkte eg på Internett og fann ei side med informasjon om stengelen sin funksjon.
http://biologi.uio.no/plfys/haa/leks/s/stengel.htm

Ut frå dette laga eg eit lite vers i stevform om stengelen:

Her kan du mere om stengel lære:
En urtestengel skal løfte, bære
på blomster, blader og bær og frø
en liten sommer, og siden dø.

Og plutseleg såg eg at dette kunne vere eit perspektiv på livet mitt og. Kunne eg få løfte og bere blomar, blad, bær og frø den stunda eg har på jord, til glede for medmenneske.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *