Postludium

Share

Tysdagskvelden skulle eigentleg Niklos hatt Postludium. Men bilen min streika, så eg kunne ikkje kjøre han heim etter sendinga. Difor måtte eg ha programmet sjølv.

Ofte legg vi opp programma i pakt med kyrkjeåret. Sist sundag var det siste sundag i kyrkjeåret, nytt kyrkjeår startar 1. sundag i advent, som i år er 3. desember. Siste sundag i kyrkjeåret har etter tradisjonen her i landet vore kalla Domssøndagen. I USA feirar dei Thanksgiving denne helga, det var sikkert fleire enn eg som såg bilete av president Bush med ei kalkun. Thanksgiving er for å seie takk for avling og haust, og er ein tradisjon med røter tilbake til Pilgrim’s Fathers på 1600-talet. Sjå http;//no.wikipedia.org/wiki/Thanksgiving for meir informasjon.

Eg valde å ha eit program i denne tradisjonen. Det vart eit reint barokkprogram. Ideen henta eg frå
http://www.organsandorganistsonline.com/, der dei hadde lagt ut nokre mp3-filer med aktuell musikk i samband med Thanksgiving.

Dermed vart det

David M. Lines, Organist:
Now Thank We All Our God
Johann Sebastian Bach (1685-1750) arr. Fox/Hebble
III/45 1909 rebuilt Bennett Organ
formerly of First Presbyterian Church, Salt Lake City, UT

Wayne Grauel, Organist
Concerto in B minor
>> Allegro
>> Adagio
>> Allegro
Johann Gottfried Walther (1684-1748)
II/P/36 Cantor Digital Organ
Grauel Residence, USA

Roger Fisher, Organist
Sinfonia from Cantata No. 29, BWV 29
Johann Sebastian Bach (1685-1750)

og til slutt

Aarnoud de Groen, Organist
Wir glauben all», BWV 740
Johann Sebastian Bach (1685-1750)

Det var eit program med mykje god musikk.

Lærar og media

Share

På kurset til Utdanningsforbundet utfordra Per Jarle Hellevik oss på tilhøvet til media. Det fekk meg til å tenkje tilbake på perioden då eg var lærar ved Valle skule og gjerne ville ha kollegar med i programmet Pedagogisk forum. Den utfordringa var det ikkje mange som tok.

Hellevik meinte at ein sjeldan fann Utdanningsforbundet i studio når diskusjonen gjekk om pedagogikk og veival i høve til skule og framtid. Han refererte til debatten i går kveld, der diskusjonen om eliteskule i matematikk og teorifag gjekk høgt, men kor ein sjeldan stiller spørsmål om eliteskular for idrett. Slike debattar går utan at Utdanningsforbundet er til stades, sa Hellevik.

Han meinte at det er viktig at lærarar vågar å stikke seg fram og seie noko om faget sitt når media spør, men ikkje bare då. Å ta initiativet gjennom lesarinnlegg eller kronikkar, er og ein måte å vere med og setje dagsorden.

I pausen diskuterte eg litt med Malmfrid, som jo har vore med i programmet Pedagogisk forum. Då sa eg at når ein får nei om ein spør om nokon om å vere med i program, så spør ein ikkje så mange gonger før ein sluttar. Kanskje hadde det vore betre om rektor sette opp liste og påla lærarane sine å vere med, slik rådmann Vidar gjorde då vi fekk programmet Kommunen informerer. Dei som var ukjende med radio var ganske nervøse dei fyrste gongene, men etter kvart vann dei erfaring og slutta å grue seg så mykje. I dag er det ein triveleg post som både deltakarar og lydarar kan gle seg over.

Kanskje vi skulle prøve å få liv i Pedagogisk forum att.

Fredag for heile dalen

Share

På lista vår står Theis oppført til å ha sending for heile dalen i morgon 1. desember. Det syner seg at han har andre oppgåver i morgon, så det vert **Bjørgulv T. Berg** som får ansvaret for fyrste del av kvelden, medan **Jorunn Lund Harstad** vil stå for den opne sendinga. Det skulle bli ei fin innleiing til jolemånaden å lytte på Valle radio denne kvelden.

På kurs

Share

I dag og i morgon har eg privilegiet til å vere på kurs. Det er Utdanningsforbundet som inviterer til storkurs, der tillitsvalde på ulike plan får vere med.

Av og til er det godt å lyfte augo og sjå seg litt rundt og få eit litt anna perspektiv på det ein gjer til dagleg. Starten av dagen gjekk til eit foredrag av Per Ramberg, utdanningsdosent ved NTNU sitt program for lærarutdanning. Han såg på lærarutdanning i et internasjonalt og nasjonalt perspektiv. Deretter var det gruppearbeid rundt dilemma i profesjonsutøvinga før lunsj. Etter lunsj skal Per Jarle Hellevik ta opp temaet Den tillitsvalde og media, før forsamlinga skal sjå på saker frå Landsmøtet til Utdanningsforbundet.

I morgon vert det aktuelle saker og vurdering av rundane med lokale forhandlingar vi hadde i haust. Før vi sluttar fredag vert det seksjonsøkter for representantar frå barnehage, grunnskole og vidaregåande skole.

Slik arbeider Utdanningsforbundet for å gjere tillitsvalde dyktige til å ta vare på oppgåvene dei har i kommunane.

Underet i Breive

Share

Det er tid for julebord att, og i går kveld hadde Utdanningsforbundet i Valle og Bykle samling på Bykle gjestegard. At dei har nydeleg lutefisk, kan eg stadfeste, eg kom ikkje til ribba og pinnekjøtet.

Vi hadde fått **Bjarne Tveiten** til å fortelje om prosessen bak boka med same tittel som dette innlegget. Det vart ein interessant halvtime der han fortalde om dei mange trådane som har ført til praktverket. Han synte oss trådar frå eit fag i lokalkunnskap på Hovden vidaregåande skule si linje for servicenæringa der han hadde medverka med lokalt stoff. Dette hadde ført til eit omfattande stoff om aktuelle hendingar i Bykle, noko som Bjørnar Mørenskog hadde fanga opp og sendt ein tråd til teiknaren Egil Torin Næsheim, som hadde tent på ideen og enda opp med eit kartmåleri som i dag heng på Bykle Fjellstoge. Då Bjarne fekk sjå det, losna ein skrivetrong som etter kvart hadde blitt til eit manuskript. Med gode kommentarar frå interesserte medspelarar hadde det heile så utvikla seg slik at teiknaren hadde gjennomillustrert boka om Underet i Breive.

Eg er imponert over norsklæraren som kastar seg ut på djupet med ei novelle som kan illustrere pilegrimstradisjonane i Øvre Setesdal. Ein ting er å oppmuntre elevar til å skrive, noko anna er å ta pennen fatt sjølv. Men Bjarne tok utfordringa, og måten det er gjort på, får oss til å ønske fleire bøker frå hans hand. Teikningane på kartmaleriet skulle gje grunnlag for 20 bøker, minst.

Det må vere flott å få starte pensjonisttilværet med å fullføre ei slik oppgåve. Boka er trykt i 1000 eksemplar, og ei veke etter lanseringa er truleg 700 selde, så mange av lærarane nytta høvet og sikra seg sitt eksemplar denne kvelden.

Ro og travel førjolstid

Share

I dag fekk eg ein triveleg epost. Eg likar slike meldingar, og om det høver, legg eg dei ut på bloggen. Denne gongen var det frå Ørnulf, som har fått mail frå dottera Gunnhild:

**Førjulskonsert i Valle kirke, 22. desember – klokka 19.00**
Musikk ved Hugo Risdal, Sigve Jacob, Runar Granheim, Silje Høgevold og
Gunnhild Hasla.
Høgtlesing ved Siv Eline Jacob (Jolefortellingar)

Servering av gløgg og pepperkaker.
For heile familien – store og små, alle er velkommen!
Plakatar vil bli hengt opp i bygda.

Slik har vi noko å gle oss til. Etter det eg skjønar vert det ei sending også på lisle joleptan på tradisjonelt vis, sjølv om ho kanskje ikkje vert så lang som sendingane vi har hatt denne kvelden tidlegare.

Og så har vi noko å planlegge etter. Planlegging trengst i denne tida, som lett vert meir hektisk enn me likar. I dag er det utstilling av sylv i Velkomstsenteret. Den opnar klokka 17, og klokka 18 er det kommunestyremøte. Dei som skal vere med Helselaget til Harebakken neste laurdag, 9. desember, må melde seg på innan sundag 3. desember, heitte det i ei melding som stod i Bygdenytt. Og meir vert det, det er nesten så ein må skrive ned alt ein skal rekke i ei travel førjolstid.

Eg møtte Malmfrid Nyborg Homme på butikken i dag. Ho siterte han som sa **Nokre gonger sit eg og tenkjer, andre gonger bare sit eg**. Sjølv om det er travelt i denne tida, er det viktig å ta seg tid til å nyte ro og fred også. Eg har mange gonger undra meg over dei som hastar så mykje i tida før advent. Men Gudrun Nomeland kasta lys over det då ho var telefonvakt ein onsdagskveld i november. -Eg vil ikkje ha alt hastverket i adventstida, sa ho. Difor gjer eg meg ferdig med det eg skal førebu til jol før adventstida kjem. Dermed kan eg ta det meir med ro når adventslysa vert tende.

Eg lærde noko den kvelden, som så ofte når eg er i radioen. **Lat oss søkje ro sjølv når det ståkar som mest.**

Det finnes en dyrebar rose

Share

Dette var temaet for kåseriet i kveld. Utgangspunktet var Svein Ellingsen si salme frå 1986 med melodi av Egil Hovland, framført av Sondre Bratland på plata Kvilestein. I fem korte vers presenterer han bibelsoge frå Moses til vår tid før han i siste vers avslører namnet: Guds kjærlighet er dens navn.

Særleg i fjerde verset trekkjer han fram situasjonen i dag: Den blomstrer fremdeles i verden og dufter av sommer, til tross for alle som bøyes av smerte i jorlivets nakne høst.

Med inspirasjon frå dette verset valde eg å trekkje fram aktivitet som fungerer som rose i Valle. Eg nemnde rosa som av og til er premie i Valle radio si opne sending og at no for tida er dei fleste rosene ein kan sjå, i butikkvindua. Men rose kan i overført tyding også vere ei kjærleikshandling, slik som til dømes Valle og Hylestad helselag står for når dei arrangerer tur til Harebakken for jolehandel laurdag 9. desember, og slik som Ingebjørg Sagneskar Austenå stod for då ho kom i radioen i kveld med spørsmål om eg kunne minne folk om dette. Den turen ho tok i kveld for å gjere det som me gjerne vil folk skal gjere i høve til radioen: nytte oss til å minne om aktivitetar og tiltak i bygda, den turen var ei slik rose, ei handling for å spreie glede i haustmørke til medmenneske.

-Me skulle vere flinkare til å oppmuntre kvarandre, sa Gunhild Espetveit i eit intervju i Setesdølen sist tysdag. Oppmuntringsroser treng me, ikkje minst i denne mørke novembernatt.

Intro FOLK

Share

Eg fekk ei pressemelding frå Kim André Rysstad i går. Der vart eg gjort kjend med Intro FOLK. Difor gjekk eg til heimesida deira, som er hos Rikskonsertane og har denne adressa: http://www.rikskonsertene.no/intro/om_intro.htm

Her heiter det:
**Storsatsing på folkemusikk**
– Rikskonsertane har sidan 90-talet satsa på lansering av dei mest framifrå artistane som er i startgropa til å byggje si eigen karriere. Erfaringane frå utøvarane innan klassisk musikk og jazz har vore svært gode, ikkje minst takka samarbeidet med eit 15-tals festivalar og organsisasjonar. No utvidast satsinga til å gjelde folkemusikk og samisk musikk, der samarbeid med folkemusikkorganisasjonar og festivalar er heilt sentralt. Vi har stor tru på at dette vert eit viktig tilskott til den positive utviklinga som skjer innan produksjon og formidling av folkemusikk for tida.

Helge Skansen, konsertsjef offentlege konsertar

I dette biletet finn vi altså Kim André Rysstad, som så mange gonger har gledd oss med musikk her i Valle dei siste åra.

Meir i ein seinare artikkel.

Gratulerer med boka, Gunnhild

Share

Gunhild Espetveit har samla tekstar ho har hatt på trykk i Setesdølen under vignetten **Diakoni i Setesdal** i ei bok som ho har gjeve ut på Setesdalsforlaget.

Dei av oss som held Setesdølen, har nok som oftast lese stykka hennar, men det kan vere godt å få dei samla, så eg vil skaffe meg boka som no har kome.

Tysdag hadde Sigurd Haugsgjerd eit intervju med henne i Setesdølen. Det vart ei heil side under tittelen **Me skulle bli flinkare til å oppmuntre kvarandre.** Gunhild seier det ho meiner, og ho snakkar ofte utan filter. Om Haugsgjerd har filtrert bort noko, er det nok att som kan gje ettertanke og ransaking: Er det slik?

Boka er fødd i smerte, heiter det i ei mellomoverskrift i artikkelen. Det kan vere god terapi å skrive seg ut av problem. -Dessutan snakkar eg så fort at eg gjerne formulerer meg betre skriftleg. 56 artiklar formulert over ein periode frå hausten 1999 til våren 2005.

Eit poeng med stykka er at Gunhild har funne eit stev til kvart stykke. Dei har eg gledd meg over når eg har lese tekstane i avisa. Stev er ei strålande diktform, kort og fyndig. Når eit stev er polert, kan det fortelje mykje.

Eg har invitert Gunhild til å kome i radioen og presentere boka. Ho har lova å tenkje på det, så eg vonar at ho tek turen innom ein kveld før jol.

Gratulerer med boka, Gunhild!

Siste veke i november 2006

Share

Det er svart november, heiter det i Kolbein Falkeids vise Tir n’a Noir som Vamp syng til glede for mange i denne mørketida. Her er lenke til teksten:
http://www.nopef.no/art_print.asp?id=7201

Frå den sida saksar eg:
Tir n’a Noir er en urgammel keltisk betegnelse på huldreland i havet, salige øyer, lykkeland. Dette er tidløse forestillinger i mange europeiske sammenhenger. Jevnfør vårt eget folkeeventyr «Skarvene fra Utrøst”.

Alt gikk i oppfyllelse der. Landene åpenbarte seg uventet i havskodde og røyk. Den gode fikk sin belønning den vonde sin straff osv.

Siste veke i november 2006 vert det tre lokale sendingar på frekvensane våre:

**Tysdag 28. november**
Ansvarleg:Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel Egil Elling Ellingsen
18:30 Noreamagasinet
19:05 Møteplassen
19:30 Munnharpeforum: John Melhus fortel om andre del av Munnharpefestivalen 2006. Sjå http://www.munnharpe.no/Norsk_Munnharpeforum.html
20:00 Bokaktuelt med Lisbeth D. Homme. Meir om Brageprisen
20:15 Dagens Mozart
20:30 Postludium ved Harald Haugland
21:00 Kyrkjebakken

**Onsdag 29. november**
Teknikar: Inga Flateland

18:00 Kommunestyremøte

**Fredag 1. desember**
Heile dalen. Meir om den seinare.