Petitkåserande fredagsjournalistikk

Share

Setesdølen er ei traust avis. Det spørs om ikkje litt smilande humor kunne gledd lesarane, men kven skal skrive det?

I dagens utgåve syner det seg at Ole Birger Lien kan. Han har laga ein munter tekst om Bykle og Valle kunstlag sine utstillingsvegger som er på ville vegar. Ånund K. Homme, leiar i Kunstlaget veit ikkje kor dei er. Når dei ikkje er i bruk til utstillingar, skal dei vere lagra på Setesdalsmuseet, men der er dei ikkje. Truleg har noko lånt dei, og så er det ikkje blitt notert kven som skulle låne dei eller kor lenge.

Ole Birger fortener ros for den fine teksten han har skrive. Det var mange som humra då dei las dette, og eg trur nok det var fleire som las den artikkelen enn ein del av det andre stoffet i avisa i dag.

Helsingar

Share

Den fyrste tida vi hadde Valle radio, var det mange som ringte inn og ville sende helsingar. Gradvis har det endra seg, så no er det oftast telefonvaktene som lagar helsingar. Det er ikkje ofte vi får telefonar frå lyttarane med ynskje om at vi kan sende helsingar.

Tysdag i denne veka fylte rektor **Rønnaug Torvik** i Bykle 50 år. Onsdagskvelden sende vi denne helsinga til henne under Open sending saman med Sondre Bratlands framføring av Frå sola stig og strålar:

Frå Valle radio vi deg hyller!
Den spreke rektor som år no fyller
vart fødd som ljos i ei mørketid
og pregar alle, så glad og blid.

Ein kunne vone at Øyvind eller Ørnulf skulle våge seg på å kve stevet direkte på lufta, men så modige var dei ikkje. Men helsinga var henne vel unt.

Musikk eg likar

Share

Bak denne programtittelen onsdagskvelden fann vi tre unge jenter:

*Sylvia Barman-Jenssen
*Anne Lise Åmlid Haugeland
*Silje Smith Homme

Dei hadde ein triveleg time og sa sjølv då dei kom ut av studio at timen hadde gått fort. Det kan godt tenkjast at dei kjem att ein seinare gong.

Eg skreiv ikkje opp musikken dei spelte, så titlane kan eg ikkje formidle vidare.