Postludium

Share

Tysdagskvelden skulle eigentleg Niklos hatt Postludium. Men bilen min streika, så eg kunne ikkje kjøre han heim etter sendinga. Difor måtte eg ha programmet sjølv.

Ofte legg vi opp programma i pakt med kyrkjeåret. Sist sundag var det siste sundag i kyrkjeåret, nytt kyrkjeår startar 1. sundag i advent, som i år er 3. desember. Siste sundag i kyrkjeåret har etter tradisjonen her i landet vore kalla Domssøndagen. I USA feirar dei Thanksgiving denne helga, det var sikkert fleire enn eg som såg bilete av president Bush med ei kalkun. Thanksgiving er for å seie takk for avling og haust, og er ein tradisjon med røter tilbake til Pilgrim’s Fathers på 1600-talet. Sjå http;//no.wikipedia.org/wiki/Thanksgiving for meir informasjon.

Eg valde å ha eit program i denne tradisjonen. Det vart eit reint barokkprogram. Ideen henta eg frå
http://www.organsandorganistsonline.com/, der dei hadde lagt ut nokre mp3-filer med aktuell musikk i samband med Thanksgiving.

Dermed vart det

David M. Lines, Organist:
Now Thank We All Our God
Johann Sebastian Bach (1685-1750) arr. Fox/Hebble
III/45 1909 rebuilt Bennett Organ
formerly of First Presbyterian Church, Salt Lake City, UT

Wayne Grauel, Organist
Concerto in B minor
>> Allegro
>> Adagio
>> Allegro
Johann Gottfried Walther (1684-1748)
II/P/36 Cantor Digital Organ
Grauel Residence, USA

Roger Fisher, Organist
Sinfonia from Cantata No. 29, BWV 29
Johann Sebastian Bach (1685-1750)

og til slutt

Aarnoud de Groen, Organist
Wir glauben all», BWV 740
Johann Sebastian Bach (1685-1750)

Det var eit program med mykje god musikk.

Lærar og media

Share

På kurset til Utdanningsforbundet utfordra Per Jarle Hellevik oss på tilhøvet til media. Det fekk meg til å tenkje tilbake på perioden då eg var lærar ved Valle skule og gjerne ville ha kollegar med i programmet Pedagogisk forum. Den utfordringa var det ikkje mange som tok.

Hellevik meinte at ein sjeldan fann Utdanningsforbundet i studio når diskusjonen gjekk om pedagogikk og veival i høve til skule og framtid. Han refererte til debatten i går kveld, der diskusjonen om eliteskule i matematikk og teorifag gjekk høgt, men kor ein sjeldan stiller spørsmål om eliteskular for idrett. Slike debattar går utan at Utdanningsforbundet er til stades, sa Hellevik.

Han meinte at det er viktig at lærarar vågar å stikke seg fram og seie noko om faget sitt når media spør, men ikkje bare då. Å ta initiativet gjennom lesarinnlegg eller kronikkar, er og ein måte å vere med og setje dagsorden.

I pausen diskuterte eg litt med Malmfrid, som jo har vore med i programmet Pedagogisk forum. Då sa eg at når ein får nei om ein spør om nokon om å vere med i program, så spør ein ikkje så mange gonger før ein sluttar. Kanskje hadde det vore betre om rektor sette opp liste og påla lærarane sine å vere med, slik rådmann Vidar gjorde då vi fekk programmet Kommunen informerer. Dei som var ukjende med radio var ganske nervøse dei fyrste gongene, men etter kvart vann dei erfaring og slutta å grue seg så mykje. I dag er det ein triveleg post som både deltakarar og lydarar kan gle seg over.

Kanskje vi skulle prøve å få liv i Pedagogisk forum att.

Fredag for heile dalen

Share

På lista vår står Theis oppført til å ha sending for heile dalen i morgon 1. desember. Det syner seg at han har andre oppgåver i morgon, så det vert **Bjørgulv T. Berg** som får ansvaret for fyrste del av kvelden, medan **Jorunn Lund Harstad** vil stå for den opne sendinga. Det skulle bli ei fin innleiing til jolemånaden å lytte på Valle radio denne kvelden.

På kurs

Share

I dag og i morgon har eg privilegiet til å vere på kurs. Det er Utdanningsforbundet som inviterer til storkurs, der tillitsvalde på ulike plan får vere med.

Av og til er det godt å lyfte augo og sjå seg litt rundt og få eit litt anna perspektiv på det ein gjer til dagleg. Starten av dagen gjekk til eit foredrag av Per Ramberg, utdanningsdosent ved NTNU sitt program for lærarutdanning. Han såg på lærarutdanning i et internasjonalt og nasjonalt perspektiv. Deretter var det gruppearbeid rundt dilemma i profesjonsutøvinga før lunsj. Etter lunsj skal Per Jarle Hellevik ta opp temaet Den tillitsvalde og media, før forsamlinga skal sjå på saker frå Landsmøtet til Utdanningsforbundet.

I morgon vert det aktuelle saker og vurdering av rundane med lokale forhandlingar vi hadde i haust. Før vi sluttar fredag vert det seksjonsøkter for representantar frå barnehage, grunnskole og vidaregåande skole.

Slik arbeider Utdanningsforbundet for å gjere tillitsvalde dyktige til å ta vare på oppgåvene dei har i kommunane.

Underet i Breive

Share

Det er tid for julebord att, og i går kveld hadde Utdanningsforbundet i Valle og Bykle samling på Bykle gjestegard. At dei har nydeleg lutefisk, kan eg stadfeste, eg kom ikkje til ribba og pinnekjøtet.

Vi hadde fått **Bjarne Tveiten** til å fortelje om prosessen bak boka med same tittel som dette innlegget. Det vart ein interessant halvtime der han fortalde om dei mange trådane som har ført til praktverket. Han synte oss trådar frå eit fag i lokalkunnskap på Hovden vidaregåande skule si linje for servicenæringa der han hadde medverka med lokalt stoff. Dette hadde ført til eit omfattande stoff om aktuelle hendingar i Bykle, noko som Bjørnar Mørenskog hadde fanga opp og sendt ein tråd til teiknaren Egil Torin Næsheim, som hadde tent på ideen og enda opp med eit kartmåleri som i dag heng på Bykle Fjellstoge. Då Bjarne fekk sjå det, losna ein skrivetrong som etter kvart hadde blitt til eit manuskript. Med gode kommentarar frå interesserte medspelarar hadde det heile så utvikla seg slik at teiknaren hadde gjennomillustrert boka om Underet i Breive.

Eg er imponert over norsklæraren som kastar seg ut på djupet med ei novelle som kan illustrere pilegrimstradisjonane i Øvre Setesdal. Ein ting er å oppmuntre elevar til å skrive, noko anna er å ta pennen fatt sjølv. Men Bjarne tok utfordringa, og måten det er gjort på, får oss til å ønske fleire bøker frå hans hand. Teikningane på kartmaleriet skulle gje grunnlag for 20 bøker, minst.

Det må vere flott å få starte pensjonisttilværet med å fullføre ei slik oppgåve. Boka er trykt i 1000 eksemplar, og ei veke etter lanseringa er truleg 700 selde, så mange av lærarane nytta høvet og sikra seg sitt eksemplar denne kvelden.