Axel Krogh

Share

I programmet Samtale og musikk onsdagskvelden klokka 20.00 hadde eg fått med meg Olav M. Holen til å fortelje om forfattaren Axel Krogh. Det har vore nokre artiklar i Setesdølen om huset han budde i like sør for Langeid, for eigaren, Sigurd Helle, vil selje det til ein kjøpar som vil flytje det til Hovden. Sjå http://www.setesdolen.no/Gamle%20sider%202006/17102006.html

Olav fortalde at det var huset som førte til at han vart interessert i Axel Krogh. Han hadde Sigurd Berg til å restaurere ei bu i Støyledalen for 15 år sidan, og då sa Sigurd at du må sjå på huset til Axel Krogh, då vil du få sjå interessante bygningsdetaljar.

-Så eg stoppa der ein kveld og gjekk bortom. Døra var ikkje låst, så eg gjekk til og med inn, og det slo meg at det var ein spesiell dåm i dei gamle stokkane, nokre av dei er visst heilt på grensa til at dei skulle vore freda. Axel Krogh kjøpte eit par gamle hus og sette saman til dette huset, og her budde han heilt til Sigurd Langeid kjøpte det av han i 1973, fortalde Olav Holen.

Dette møtet med bustaden førte til at han vart interessert i å finne ut meir om forfattaren, og han har fått mykje stoff frå Tarjei Haugen i Valle og Einar Håland i Stavanger. Tarjei hadde teke med nokre tekstar av Axel Krogh i boka Setesdal og setesdølar. Poesi og prosa gjennom 1000 år (1993). Det er utdrag frå romanen Turid Dorge, Oslo 1928.

Tarjei skriv dette i margen: Axel Krogh (1892-1979) kom som gutunge til Setesdal fordi far hans, kunstmålaren Henrik Asor Hansen, arbeidde her i lengre periodar. Etter skilsmissa vart mora buande på Langeid saman med Axel og bror hans. I vaksen alder kjøpte han seg både skog og litt jord og sette seg opp hus, Dorgheim, som enno står der. Somme tider brukte han og etternamnet Fjalkekrone etter det skogstykket han hadde kjøpt. Budde storparten av livet på Langeid. Skreiv 15 bøker – romanar og noveller. I tillegg nokre artiklar og noveller i aviser og blad.

Einar Håland i Stavanger kjende Axel frå då han budde i Spania dei siste åra av livet. Han hadde fleire kassar med stoff som han overlet til Olav, mellom anna mange brev. Olav ser ikkje bort frå at det kan verte ei bok om denne særmerkte forfattaren med tida.

Mellom samtaleøktene spelte vi tradisjonsmusikk, og Olav hadde mykje interessant å fortelje. Axel Krogh var nok spesiell på mange måtar. Han melde seg inn i NS sommaren 1940 og skreiv nokre sterke artiklar i bladet deira. Men om hausten reiste han til Oslo og møtte leiarar i partiet, og etter kvart gjekk det opp for han kva han var med på, så han melde seg ut. I 1946 vart han stilt for retten skulda for landssvik, men han vart heilt frikjend, fekk ikkje bot eingong.

Axel Krogh var sterkt imot kristendommen, så sterkt at han ikkje kunne tenkje seg at han skulle gravleggjast på ein kyrkjegard. Han søkte difor om å verte gravlagt på det skogstykket han hadde kjøpt i Bygland, Fjalkekrone. På den tida måtte ein søkje Kongen om slikt, og han fekk etter kvart innvilga ønsket sitt. Men han døydde i Spania, der han budde dei siste åra av livet sitt. Truleg var det kostnadene med å føre han heim til Setesdal som gjorde at bror hans, som var fruktgrossist i Spania, valde å late han gravleggjast der nede, fortalde Olav M. Holen.

Eg vil kome tilbake med eit nytt innlegg på bloggen der eg skal ta med titlane på bøkene hans.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *