Ein innhaldsrik laurdag

Share

I dag var det jolemesse for Normisjon på Menighetshuset i Valle. **Inge Flåt** er gjestetalar denne helga, og mange gleder seg over det, han er ein kjærkomen gjest i Valle. Suppa gjekk unna, og eplekakene vart utselde tidleg på dagen. Sjølv fekk eg med meg ei fruktkorg heim, men det gjekk mange kransekaker og marsipankaker også.

Den store opplevinga på jolemessa var **Ingebjørg Berstad Torp**, som deler leiaransvaret i Normisjon Agder med Arne Inge Vålandsmyr og Gunnar Urstad. Her er bilete av leiartrioen:
http://www.normisjon.no/agder/index.php?kat_id=32

Ho song ein song av ein diktar frå Telemark, Johannes Flateland trur eg var namnet. Eg hugsar ikkje tittelen på songen, men dåmen og framføringa var verd ein heil festkveld. Diverre hadde eg ikkje med meg opptaksutstyr, så eg får ikkje dele den med dykk gjennom Valle radio.

Tidlegare på dagen var eg på Flateland, hos Valle Vev. Der hadde **Karin Bøe** ope hus og folk hadde høve til å sjå og handle. Mange var innom, ei stund var det nesten kaotisk mange. Pauline selde bakst og kunstnaren og frisøren frå Frisørbui hadde hengt opp bilete, som også var for sal. Eg tala med Karin i telefonen i kveld, og ho var godt nøgd både med oppslutning og sal. Sjølv fekk eg for fyrste gong sjå filmen frå stamping av vadmål i stampen i Homsåne, og det var eit interessant bilete på eit historisk arbeid.

Her er ei lenke til artikkelen om Karin i Dagbladet:
http://tinyurl.com/yhcjxn
og om du søkjer på bloggen, vil du finne at ho har vore med i Valle radio fleire gonger.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *